– Eg var ikkje så glad i husarbeid og gardsarbeid, og gøymde meg unna for å lese bøker. Eg likte det betre, fortel Gunnhild Øyehaug frå Ørsta.

Difor trudde ho at ho var reinkarnasjonen av Ivar Aasen.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Eg tenkte at det var naturleg at han hadde vald kroppen til ein sambygding. Seinare forstod eg at eg ikkje var Ivar Aasen likevel, smiler Øyehaug.

Men i år er ho iallfall festspeldiktar som skal i aksjon i fleire samanhengar under Dei nynorske festspela i dagane 25. til 28. juni.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Det var programansvarleg Åshild Widerøe som presenterte både Øyehaug og resten av programmet onsdag.

Widerøe kunne lokke med forfattarar som Marit Kaldhol, Bjørn Sortland, Øystein Orten, Ingunn Røyset, Jostein Fet, Olaug Nilssen og Idar Lind. Og ikkje minst kunne fortelje at det blir mykje musikk, med Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen i spissen, men også namn som Lars Bremnes, Majorstuen, Stig Ulv og D.D.E.

<strong>KONSERT:</strong> Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen held konsert i Ivar Aasen-tunet torsdag 25. juni.