Den 48 år gamle illustratøren og forfattaren frå Inderøy i Trøndelag hadde ikkje sett føre seg at ho skulle bli festspeldiktar.

– Det kom veldig overraskande på meg. Festspeldiktar – er ikkje det slike som Jon Fosse som blir festspeldiktarar? Eg vart litt sveitt då dei spurde meg, men det er klart at eg ville det. Det er ei stor ære, seier ho til NPK

Utdanna illustratør

Kari Stai er utdanna illustratør frå Kunst- og handverksskulen i Oslo, og før det gjekk ho det som heitte Oslo tegne- og maleskole og lærarskulen på Notodden. Lærarutdanninga kunne vere god å ha i bakhand, tenkte ho. Men bortsett frå eitt år som lærar i Telemark, har teikningar og illustrasjonar vore levevegen hennar.

Ho jobba i mange år som illustratør med base i Oslo og treivst godt med det. Ho var saman med andre i same faget med illustratørkollektivet Patron, og ho leverte teikningar til eit breitt spekter av oppdragsgivarar.

Men ho har heile tida hatt ein kjærleik til språket, og spesielt til nynorsken. Og snart skulle det språklege også bli ein del av det kunstnariske uttrykket hennar

– Det skjedde noko på ein kjedeleg togtur mellom Oslo og Trondheim i 2006. Dette var før smarttelefonen si tid, så eg hadde godt tid til å tenkje og fundere. Det viste seg at konduktøren heitte Jakob. Då datt plutseleg Neikob ned i hovudet på meg, og så byrja eg å teikne og drodle rundt desse namna. Det var spennande å leike med det visuelle først og så teksten, seier Kari Stai.

Jakob og Neikob

Dermed var ho ikkje lenger berre illustratør, men også forfattar. Det Norske Samlaget likte godt historia om Jakob og Neikob og motsetningane mellom dei. Dei to er gode vener som bur i lag, men som er svært ulike. Der Jakob er optimistisk, open er nysgjerrig på det meste, er Neikob skeptisk og lite villig til å utvide horisonten sin.

Og resten er historie. I løpet av 14 år har det blitt sju bøker om dei to kameratane, og med stor suksess. Det sikra henne Brageprisen i 2012, Kritikarprisen i 2013, Kulturdepartementet sin debutantpris, Teskjekjerringsprisen og fleire andre høgthengjande utmerkingar.

Bøkene om Jakob og Neikob, der Stai er både forfattar og illustratør, har vorte karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og blitt til både animasjonsfilm og teater. Då borna var små laga ho ein peikebokserie om Mopp og Mikko, og seinare har ho lage serien «Passe Happy», ein roman om overgangen mellom barn og ungdom. Det er den første lengre teksten ho har skrive.

– Det kjendest rett å gå vidare. Eg likar å innbille meg at eg kan prøve ut nye ting, seier ho.

Kari Stai har halde seg til Det Norske Samlaget gjennom heile forfattarskapen. Ho rosar det gode samarbeidet med Ragnfrid Trohaug og seinare Brynjulf Jung Tjønn.

– Eg er glad i Samlaget, fortrur ho oss.

I grunngjevinga frå Dei nynorske festspela for å velje Kari Stai til festspeldiktar, står det blant anna dette:

– Filosofiske innfallsvinklar

«Stai leikar seg med språk og bilete og skriv tilsynelatande enkle forteljingar. Bøkene hennar løftar likevel opp store problemstillingar og filosofiske innfallsvinklar og er derfor også populære blant vaksne. Som forfattar er Stai spesielt god til å ta borna på alvor» .

– Eg har alltid likt å skrive, norskfaget var ein absolutt favoritt under oppveksten på Inderøya saman med teikning, og no har det glidd over i kvarandre. Eg har lyst til å prøve ut novelleformatet også, kanskje også poesi. Eg er privilegert som har eit kunstnarstipend, og det gjer det mogleg for meg å prøve ut nye ting, seier ho.

Kari Stai er festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda denne veka. Foto: Samlaget

Kari Stai budde mange år i hovudstaden, men har no saman med ektemannen Henning Lystad, som også er illustratør, og dei to gutane på 12 og 15, budd i heimbygda hennar Inderøy sidan 2009. Det er ei god kulturbygd å bu i for alle fire, og dei likar også å nytte seg av tilboda i storbyen litt lenger ned i Trondheimsfjorden.

– Eg vaks opp på Sund folkehøgskule, ein nynorskbastion, og då var nynorsk enno eit opplæringsmål på Inderøya. Vi hadde parallellklasser med nynorsk og bokmål. Eg hadde gode lærarar som fremja nynorsken, også på vidaregåande. Eg vart nynorskkjær, eg såg det nynorske lyset, seier ho og ler.

Omslaget på den første romanen til Kari Stai. Foto: Illustrasjon: Kari Stai

Fokus på barn

Dei nynorske festspela har eit spesielt fokus på barn i år. Dette fordi det i år er 100 år sidan den første biletboka på nynorsk kom ut, «Regler og rim for barn». Karen Grude Koht stod for teksten og Matisse-eleven Magnhild Haavardsholm var ansvarleg for illustrasjonane.

I år opnar dei nynorske festspela torsdag 8. juni med eit arrangement for inviterte born i skuletida. Dei har utvida torsdagsprogrammet med ein fagdag i samarbeid med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Fagdagen har fått tittelen «Frå barnehagebarn til nynorskelev – den språklege overgangen frå barnehage til skule»

– Eg har tenkt på Dei nynorske festspela som noko mest for vaksne, men i år har dei Barnet som tema. Det er veldig kult. Brynjulf Jung Tjønn og Olaug Nilssen, som også deltek, har skrive vaksenbøker der barn spelar den sentrale rolla. Det synest eg er fint, avsluttar Kari Stai.

(©NPK)

Jakob og Neikob ute på tur. Foto: Illustrasjon: Kari Stai