Når vintersildefisket var over i februar/mars reiste mange sunnmørsfiskarar nordover for å fiske torsk. Også det kunne vere eit eventyr.

Lofotfisket er det store sesongfiskeriet for torsk. På 50-talet brukte mange sunnmørsfiskarar not etter torsken.

- Det var så effektivt at det vart forbode, fortel Knut Arne Høyvik frå Ulstein. Den tidlegare lineskipperen og informasjonssjefen i Norges Fiskarlag har skrive 100-årssoga til Sunnmøre Fiskarlag, som kjem ut i haust.

I høve 100-årsjubileet viser Smp.no bilete frå fiskarfilmen «Ut mot havet», utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag i 1956. Her er unike bilete frå ulike fiskeri, mellom anna lofotfisket.

Storfiskarar episode 6: Sjå torsken!