I helga blei det arrangert korpskonkurranse i eit samarbeid mellom Tomra Ørskogfestivalen og NMF Nordvest. I den anledning blei det også for fyrste gong eit eiga opplegg for aspirantane som var for unge til å delta i sjølve konkurransen.
– Vi har laga eit aspirantkorps, kor vi har blanda aspirantane frå forskjellige korps. Målet vårt har vore å få til eit så høgt musikalsk nivå som mogleg på dei to timane vi har øvd i lag, fortel dirigent i aspirantkorpset, Julianne Hauge som fekk seg eit skikkeleg sjokk da ho fekk vite kor mange som ville vere med i korpset.
– Vi forventa rundt 20 stykk. Så ringde telefonen, og eg fekk beskjed om at eg kunne ta med meg nokon instruktørar, for over 100 stykk hadde meldt seg på, fortel ho og legg til at ho er svært imponert over det ungane fekk til på den korte tida.
Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook
Spennande
For dei tre aspirantane, Bendik Hide Bjørstad (8), Jørgen Kravik (9) og Ask Nyland Bergby frå Larsgården skulekorps, vart laurdag ein spennande dag, då dei for fyrste gong deltok på eit slik arrangement.
– Vi er jo ikkje gamle nok til å delta på konkurransen, så da synst vi det var veldig kjekt at vi likevel fekk vere her å spele med aspirantkorpset, seier dei og legg til at det å spele i korps ikkje berre er lett.
– Sjølv om det har vore veldig kjekt, så blei fire timar med øving litt mykje. Vi får vondt i munnen fordi vi heile tida må ha bollekinn, fortel gutane som alle spelar kornett. Etter ein lang dag med øving var det tanken på å spele konsert som motiverte dei.
– Vi prøvde å tenke på at snart skulle vi spele konsert framfor mange, og det blei jo kjempekjekt, seier dei etter konserten. Dei synst det var heilt supert at det dei fekk ta del i ei slik korps-helg saman med dei eldre, og håpar at dette er noko arrangørane vil fortsette med.
Resultatliste Nordvesten Møre og Romsdal 2016
Janitsjar 1. divisjon:
1. Kvam og Sellanrå Skolekorps 90 poeng
2. Langmyra Skolemusikkorps 88 poeng
3. Vestnes Skolekorps 85 poeng
Janitsjar 2. divisjon:
1. Stordal Skulekorps 93 poeng
2. Harøy Skulekorps 92 poeng
3. Solevåg Skulekorps 88 poeng
4. Hatlehol Skolekorps 86 poeng
Janitsjar 3. divisjon
1. Ulsteinvik Skulekorps 90 poeng
2. Daugstad/Vike Skulekorps 89 poeng
3. Larsgården Skolekorps 88 poeng
4. Hareid Skulekorps og Bigset Skulekorps 86 poeng
5. Lerstad Skolekorps 84 poeng
Brass 3. divisjon:
1. Gursken Skulekorps 88 poeng
2. Straumsnes Skolekorps 87 poeng
3. Sunnylven Skulekorps 86 poeng
4. Skodje Skulekorps 84 poeng
5.Frei Skolekorps 83 poeng
Brass 2. divisjon:
1. Ørskog Skulekorps 86 poeng
Brass 1. divisjon:
1. Tomrefjord Skolekorps 86 poeng
Tilleggsprisar:
Beste solist: Kornett, Ingrid Hollingen Westad, Langmyra Skolemusikkorps
Beste instrumentalgruppe: Kornettgruppe, Ulsteinvik Skulekorps
Beste framføring av norsk musikkstykke: Kvam og Sellanrå sk. korps, Molde Canticle
Beste framføring av enkeltstykke: A River’s Fury!, Stordal Skulekorps
Beste konsertprogram: Larsgården Skolekorps
Janitsjar 2. divisjon:
1. Tresfjord Janitsjar 93 poeng
2. Vestnes Musikkorps 92 poeng
3. Vatne/Stordal Hornmusikklag 91 poeng
4. Valldal Hornmusikklag 87 poeng
5. Nørvøy Ungdomskorps 86 poeng
Solistpris: Tresfjord Janitsjar, 1. fløyte og bassklarinett
Generasjonskorps:
1. Eidsdal Musikkorps 89 poeng
2. Fiksdal / Rekdal Janitsjar 87 poeng
Solistpris: Eidsdal Musikkorps, 1. kornett
Brass 2. divisjon
1. Fræna Brass Band 94 poeng
2. Harøy Musikklag 91 poeng
3. Herøy Brass 90 poeng
Solistpris: Fræna Brass Band, Basstrombone
Brass 1. divisjon
1. Ørskog Brass 96 poeng
2. Tomra Brass Band 95 poeng
Solistpris: Tomra Brass Band, Solohorn