– Det er det som skjer her i dette rommet som blir kunsten. Alt er ein open prosess mellom meg, kunsten min og elevane eg jobbar saman med.

Det seier Karin Augusta Nogva om verket Eurasia I, som skal framførast under den offisielle opninga av årets Høstscene. Den hendinga er lagt til lokalet i Parken kulturhus, som festivalkunstnaren no i september har gjort til sitt atelier.

Vil fylle eit tomt rom

I bruk Karin Augusta Nogva fekk ideen om å aktivisere eit tomt rom. No fyller ho lokalet i Parken kulturhus med festivalkunst. Foto: Nils Harald Ånstad

– Eg fekk ideen om å aktivisere eit rom som stod tomt, tok kontakt med sjefen for kulturhuset, og her er eg. Som 'artist in residence' i min eigen by opplever eg at ein treng ikkje flytte langt for å møte nytt rom, nye menneske og nye kunstnariske utfordringar, seier Karin Augusta Nogva.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Ho fortel at det ikkje har vore heilt enkelt for henne ta steget ut av Aggregat Atelierfellesskap og stå til offentleg skue under prosessen med kunsten ho skal vise både i kulturhuset, Arbeideren og i Kunstmuseet Kube under Høstscena.

Fagerlia vgs

Bestillingsverket til opninga blir laga saman med musikk, dans og drama-elevar ved Fagerlia vidaregåande skole.

– Veldig fint at lokalet blir brukt i overgangsfasen mellom utflyttinga til kunstforeininga og ombygginga av lokalet kan starte, seier kulturhussjef Hans Pareliussen.

– I denne perioden er planen å prøve ut forskjellige ting, for å teste ut potensialet til lokalet for å finne ut kva det kan brukast til, legg han til.

Opphav

Tema for Høstscena denne hausten er Opphav, noko som lenge har vore synleg i tematikk og uttrykk Karin Augusta Nogva har jobba med.

40-åringen er oppvaksen på Nogva, og kystkultur og særleg hennar forhold til farfaren viser i kunsten hennar. Det gjeld mellom anna i Harlekins farfar – ei forteljing ho via Den kulturelle skulesekken har fortalt til mange skuleelevar ved hjelp av figurar av papirklipp sist på lysbord.

– Opphav er for meg årsaka eller utgangspunktet som noko er utvikla ut ifrå, seier kunstnaren og siktar både til inspirasjonen ho hentar frå minna om farfaren, og prosessen med bestillingsverket Eurasia.

– Eurasia er namnet på kontinentet mellom Europa og Asia. Eg oppteken av å utforske korleis kulturen har vandra mellom landa, og korleis til dømes vår norske kultur er inspirert av Japan, fortel Karin Augusta Nogva, som tidlegare har vist fascinasjon for japanismen med japansk papirklipp og Japan-inspirerte teseremoniar.

Tapet med tjeld og kystlandskap

No viser dei ulike inspirasjonskjeldene seg mellom anna i form av seksti meter med tapet som dekker delar av veggene i hennar midlertidige atelier i kulturhuset.

– Kvifor har tjelden fått ein så framskoten plass i kunsten din denne gongen?

– Tjelden er ein eurasisk trekkfugl, som høyrer til på kysten og oppveksten min på Nogva. Ein fin fugl. Grafikaren i meg har stor sans for den svarte og kvite fuglen, raude bein, auge og langt, raudt nebb. Farfar spikka ein tjeld som han hadde ståande utanfor huset sitt. Slik er det ei line mellom farfar si handling og den kunsten eg skaper, fortel Karin Augusta Nogva, som og arbeider med å bygge fugleskremsel i tekstil og nye mønstertrykk til utstillingane under Høstscena. Skaparprosessen er i full gang.