– Det er lenge sidan det har vore vintertreff i Volda/Ørsta, så det er kjekt at Ten Sing-koret med medlemmer frå desse to bygdene er vertskap i år, synest krinssekretær i KFUK-KFUM, Kristin Vigestad Valderhaug.

Vintertreff er Møre og Romsdal KFUK-KFUM sitt årlege ungdomsarrangement for aldersgruppa 13 til 20 år, og treffet har lange tradisjonar.

Kvart år vert VT, som det vert forkorta, arrangert på ein ny stad i fylket – i år altså i Ørsta 5.–7. februar. Denne gongen er også KFUK-KFUM-arar frå Sogn og Fjordane invitert til Vintertreff.

Kva anna skjer i helga? Sjekk kulturkalenderen.

450 unge

– Med representantar frå ulike KFUK-KFUM-einingar i fylket, Ten Sing Norway, inviterte konfirmantgrupper og 60 personar frå nabofylket, nærmar vi oss at 450 ungdommar kjem til VT16 i Ørsta, seier Vigestad Valderhaug.

Det er sjølvsagt stor stas å få Ten Sing Norway til VT16. Ten Sing Norway er ei gruppe med ungdommar frå heile landet, som brukar eit år til å spreie Ten Sing både nasjonalt og internasjonalt.

Under vintertreffet skal dei halde konsert der dei viser showet sitt «Tre sider av samme sak». I tillegg skal Ten Sing Norway halde fleire av seminara under treffet, og ta del i ei gudsteneste.

Gjør som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Vertskap: Volda & Ørsta Ten Sing stiller med lokalt VT-band og nyskriven VT-låt til Vintertreff i Ørsta førstkomande helg.

For alle

– Både konserten fredag og gudstenesta søndag er opne for publikum. Det er alltid eit mål for aktiviteten vår at andre skal få eit innblikk i kva vi driv med, fortel krinssekretæren.

Temaet for årets VT er «Stå opp for andre!». Deltakarane får vere med på m.a. show, konsertar, forkynning, volleyballturnering, seminar og gudsteneste. I løpet av treffet vil ein stor del av deltakarane stå på scenen med større eller mindre innslag.

Konfirmantar

I tillegg til dei ordinære deltakarane som skal vere på VT heile helga, skal også 100 konfirmantar frå Ørsta og Volda ta del laurdagen.

Konfirmantane vil få med seg ein smakebit av kva vintertreffet har å by på, i tillegg til eit eige konfirmantseminar som deltakarar frå Ten Sing Norway vil stå for.

– Noko av målet med VT er at deltakarane får erfare at mange ungdommar kan vere samla og ha det gøy, utan bruk av alkohol eller andre rusmiddel, forklarer Vigestad Valderhaug.

Les fleire kulturnyheiter her