Etter å ha øvd på julesongar sidan august er Haramsøy, Lepsøy og Flem skulekorps no klare for adventskonsert med Rein Alexander i Nordhøyhallen i dag.

– Vi hadde lyst å finne på noko kjekt og spanande, noko litt ekstra for ungane. Etter den forrige konserten sende vi ein ny førespurnad om Rein Alexander ville gjere ein ny konsert. Og her er vi! fortel Julianne Høistad Aakre i Haramsøy skulekorps.

Gjør som feire enn 23.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Også i vår var Rein Alexander i Nordøyhallen og haldt konsert med dei same skulekorpsa, i tillegg til Tennfjord skulekorps. Over 100 musikantar er i sving på scena i dag.

Sjå video frå førebuinga øvst i saka.

Les fleire kulturnyheiter her

(Les meir om konserten i måndagsavisa.)