Det seier leiaren i Norsk Bibliotekforening, Mariann Schjeide. Torsdag var ho i fagbiblioteket på Høgskulen i Volda, for å markere Nasjonal Bibliotekdag 2016.
– I Norge ser vi verdien av at folk bur spreidd, men for å få folk til å slå seg til ein stad så må der vere noko meir enn nærleik til skog og mark. Vi treng møtestader, og biblioteket er ein viktig slik stad, seier Schjeide.
– Rolle i demokratiet
Ho peikar også på biblioteket si rolle i det demokratiske prinsippet som seier at alle skal ha lik rett til tilgang på informasjon.
– Biblioteket er med på å gjere så vi kan halde oppe desentraliserte samfunn. Og i den flyktige tida vi lever i, ser eg på biblioteka som livbøyer. Her kan vi vere åleine saman med andre, inne i lyset og varmen, seier leiaren i bibliotekforeininga.
Kva så med Google?
Men kva så med Google? Treng vi bibliotek når vi har internett?
– Ein klok person har sagt det så bra: Når vi har fått så mange vegar til målet, så treng vi ikkje mindre skilting. Bibliotekarane hjelper deg å finne vegen du ikkje finn sjølv, seier Schjeide.
Biblioteket er den kulturinstitusjonen som når flest menneske og dei fleste har eit forhold til bibliotek og litteratur. Folkebibliotekstatistikken viser at aktivitet og besøk i folkebiblioteka aukar. Totalt vart det registrert 22,4 millionar besøk i norske folkebibliotek i 2015.
– Ei større satsing på debattar og andre arrangement har vore med på å få opp besøkstala. I tillegg er biblioteket omtrent det einaste tilbodet igjen som er gratis. Her kan du sitje i tre timar utan at nokon forventar at du skal kjøpe minst ein kaffi til, seier Schjeide.
Gullgraving
Nasjonal Bibliotekdag vart markert i ulike bibliotek over heile landet torsdag. I fagbiblioteket på Høgskulen i Volda møtte ei lita forsamling opp for å høyre på leiaren i bibliotekforeininga, og på professor Jan Inge Sørbø som heldt lunsjføredraget «Gullgraving i nynorsk litteratur».
Sørbø jobbar for tida med å skrive «Nynorsk litteraturhistorie», frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag.