– Det er noko spesielt med Nana. Ho har gjort ein ekstra innsats. For det krevst eit ekstra gir for å gjere den innsatsen Nana har gjort. Å lage eit slikt kvalitetsblad for born og unge innanfor så tronge økonomiske rammer og med så få ressursar, fortener merksemd. Ho fekk ei utfordring ingen redaktør før henne har fått, og den utfordringa tok ho. No har ho vore trufast mot prosjektet i 25 år, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge i samband med tildelinga.

Målprisen blir gitt til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken og er den høgste prisutmerkinga som Mållaget deler ut.

Årets prisvinnar, Nina Rise-Lynum, har vore redaktør i Norsk Barneblad sidan 1999. Norsk Barneblad vert redigert og gitt ut på nynorsk og første utgåve kom ut i 1887.

Målprisen 2024 vart delt ut under festmiddagen på landsmøte for Noregs Mållag i Trondheim.

(©NPK)