– Eg gjekk akkurat vidare frå andre runde, så eg hadde ikkje noko tru på at eg kunne vinne, fortel Maria om då ho var med i den internasjonale songkonkurransen for nokre år sidan.

Ho konkurrerte mot andre operasongarar frå heile verda og trudde ikkje sine eigne auge då ho vart utnemnd som vinnar.

Over kan du høyre Maria Steinsvik på Scena i Sunnmørsposten

– Eg hadde allereie teke på meg ytterjakka, men eg måtte berre finne fram pokerfjeset og komme meg ut på scena for å ta imot pokalen. Den var så stor at eg ikkje har fått den heim frå Italia enno, småler Maria.

Mykje utdanning

Ho er utdanna innan klassisk utøvande song med ein bachelor frå «The State Academy of Music – Pancho Vladigerov» i Bulgaria. At ho hamna der var ganske så tilfeldig.

– Eg hadde ein draum om å synge meir, og så hadde eg ei venninne som var i Bulgaria og tok songtimar i opera. Så tenkte eg at eg ville prøve det same.

Ho jobba eit halvt år på fiskemottak for å tjene seg opp pengar. Etter ein del songtimar byrja ho på bacheloren. Etter at ho kom heim igjen til Norge byrja ho å jobbe offshore for å vere mobil og ha mulegheit til å reise på auditions. Men etter kvart bestemte ho seg for nok ein gong å studere. Denne gong på Universitetet i Stavanger. No er ho ferdig med både master og post graduate diploma i klassisk utøvande song.

Tøft yrke

På Scena i dag syng ho «Sangen til månen» frå operaen Rusalka, «Elenas Bolero» frå Sicilian Vespers og «Toscas Bønn» frå operaen «Tosca».

– Eg er audmjuk som får jobbe med så fin kunst. Det er så fine tekstar, språk og forskjellige skjebner, fortel Maria. Men ho legg ikkje skjul på at det er eit hardt yrke.

– Det er litt som å drive med toppidrett, ein må halde seg i form. Om eg ikkje øver så mister eg fort forma og blir slapp i både magemusklane og ryggen. Det er heller ikkje flust meg oppdrag i vesle Norge. For tida bor ho i Oslo, men er ikkje heilt framand for tanken på å flytte utanlands.

– Eg har vore inne på tanken på London, men eg får prøve litt meir i Norge først, seier Maria.

Hør flere opptredener på Scena: