Søndag kjem Rein Alexander til Nordøyhallen for å halde konsert saman med Haramsøy, Flem og Lepsøy skulekorps.

Dei tre øykorpsa har jobba med dette prosjektet sidan august og ser fram til å samarbeide med den profilerte songaren nok ein gong.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Under konserten får publikum høyre dei rundt 100 musikantane frå dei tre øykorpsa i ei avdeling for seg sjølve, og i ei avdeling i lag med Rein Alexander.

Nordøyhallen vil bli omgjort til eit stemningsfullt konsertlokale, med juletre og glitrande julelys, lovar korpsa som står som arrangør. I tillegg blir det eit 10 meter langt kakebord.

Også i fjor vår spelte desse korpsa, i tillegg til Tennfjord skulekorps, saman med Rein Alexander i Nordøyhallen på konserten «Ut mot havet».

Følg smp-kultur på Facebook