Arnt-Ivar Naustdal må klype seg i arma over kor mange som har tatt turen til festivalen Malakoff på Nordfjordeid.

Rekordstort

Over 4.500 personar har troppa opp for å liggje på festivalcampen like ved. I tillegg til dei 8.000 personane som er inne på konsertarenaen når smp.no snakkar med Naustdal, er det forventa 2.500 publikummar til, når Sivert Høyem og Karpe Diem kjem på scena. Ifølgje Naustdal betyr det den største folkemengda som har vore inne på Malakoffs festivalområde nokosinne.

- Dette er eit draumescenario. Eg kan ikkje ønskje meg meir. Og sola skin, seier Naustdal oppglødd. Han gler seg over at både store og små ser ut til å kose seg på festivalen. Han er òg stolt over at dei i år har klart å redusere tida folk har stått i kø.

-Eg skal vere så ærleg å seie at i fjor måtte folk stå tre-fire timar i kø for å kome inn. Men det klarte vi på max 40 minutt i år, opplyser Naustdal.

Lojale

-Vi har berre nokre få festivalpass igjen, og dei reknar eg med vil forsvinne i løpet av kort tid.

Naustdal har mange godord på lager overfor dei lojale publikummarane, som nok ein gong har kome til Nordfjordeid, for å lage festivalstemning.

-Det er mange sunnmøringar her, noko vi er veldig glade for. Dei er gode ambassadørar for festivalen, seier festivalsjefen takksam. Når han får spørsmål om kva han gler seg ekstra mykje til, må han innrømme at han har nokre favorittar. Kontrasten til tross - både Mastodon og Ylvis ser han fram til med stor forventning.

- Og Hedvig Mollestad frå Ålesund. Ho er ein av mine personlege favorittar.

Les mer og se video