1. Kva skal til for at det blir ei god helg?

Anten ein fjelltur i fint vêr, eller sjølvsagt ein tur på konsert. Denne helga blir garantert god, då skal eg og kora mine halde tre kyrkjekonsertar i høve 70-årsdagen min.

Dette blir ønskekonsertar etter eige hjarte, og kora syng både kvar for seg og i fellesnummer.

2. Kva er ditt faste fredagsritual?

Eg er svært lite rituell, men ofte er fredag og laurdag synonyme med øvingshelg for eit av dei fem kora eg dirigerer.

Elles slappar eg gjerne av heime i stova, det er fredagane som har den beste tv-underhaldninga.

3. Kva er laurdagskos for deg?

Då må eg gå tilbake til då dei tre gutane våre var små. Laurdagskos var barne-tv og litt godterier. Den gongen var det berre ein fjernsynskanal, og det var vist program med mål og meining.

4. Kvar går favoritt-søndagsturen?

Til eitt av Ulstein-fjella. Eg prøver å variere litt kvar eg går, og har også vore med på fjelltrimmen til Hødd. Roppehornet eller Hasundhornet er fine fjell for søndagstur.

5. Kor lenge søv du i helga?

Eg søv ikkje spesielt lenge verken i helga eller elles, det har nok kanskje med alder å gjere. Eg er ein av dei som saknar Songtimen på radio søndagsmorgonane.

6. Kva mat må du ha i løpet av helga, og kvifor?

Eg er veldig lite bunden når det gjeld mat, og er open for ulike matrettar – det er ingenting eg må ha i løpet av helga. Eg er vel det ein kan kalle lettvint i kosten, eg et det meste.

7. Kva er det du absolutt ikkje ønskjer å bruke helga til?

No i ettertid, etter eit langt liv som lærar, kan eg seie at det ikkje var spesielt kjekt å bruke søndagen til å rette stilar.

8. Kven vil du ønske god helg, og kvifor?

Eg vil ønske ei god helg til kona mi, som alltid har lagt til rette, vore positiv, hjelpsam og støtta meg så eg kan drive med hobbyen min.