– Volda har vore litt nedfor på kulturfronten etter at kulturhusprosjektet Innovata stoppa opp. Eg tenkte at no må vi gjere noko i staden for å vente på at kommunen tek opp att kulturhustråden, seier Magnar Åm.
Han er den som tok første initiativ til å prøve ut om propellmonteringshallen til Scana i Volda sentrum kunne fungere som kulturscene.
– Eg såg på dette huset, og tenkte at her måtte det vere god klang.
Les også: Protest mot Terminalen
Fant tonen i Propellhallen
Saman med trompetist Geir Hjorthol fann Åm umiddelbart tonen i Propellhallen.
– Klangen i hallen er mjuk og klar. I tillegg er det noko med dette møtet mellom det mekaniske harde og det mjuke i musikken som gjer at eg får gåsehud, seier Hjorthol.
(Saka held fram etter bildet.)
Hjorthol og Åm har danna ein frivillig organisasjon, propellhallen.org, som skal arbeide for å gjere industribygget stadig betre eigna for å huse kulturarrangement.
Kulturarenaen vil fungere i sambruk med Scana, som opnar for arrangement når det ikkje kolliderer med eigen aktivitet i hallen.
Vassendgutane løfta nesten halltaket
Første konsert i november
Dei første konsertane i Propellhallen kulturarena går av stabelen 14. og 15. november. Då skal Høgskulekoret, Ørstakoret, Volda vokal og symfoniorkesteret ved høgskulen framføre eit stort verk av Karl Jenkins.
Åm og Hjorthol trur dei til saman 140 utøvarane vil skape ei heilt spesiell stemning blant propellblad og anna mekanisk utstyr. Dei to ser også føre seg at konsertar med heilt små grupper av utøvarar vil gi gode sanseopplevingar.
– I dette rommet er det naturleg å eksperimentere med den flotte klangen som er her. Vi ønskjer oss mellom anna arrangement som utforskar akustikken, seier Hjorthol om Propellhallen kulturarena.
Årsmøte
Det vil verte halde årsmøte i propellhallen.org i januar, med val av styre. Det er ope for alle å melde seg inn i organisasjonen.