Planen er at statuen skal få plass ved Ishavsmuseet, og at avdukinga skal skje i september 2016.

Dette er då 100 år sidan Peter S. Brandal kom attende til Brandal med 300 tonn kol frå Svalbard med skutene «Signalhorn» og «Polaris». Dette var starten på kolfeltet han grunnla som Kings Bay Kull Komp. AS i Brandal City, eller Ny-Ålesund som namnet på staden vart noko seinare.

Same kunstnar

Det er kunstnar Tore Bjørn Skjølvik som skal lage statuen.

Han har tidlegare laga statuen av ishavskjerringa som står ved Ishavsmuseet. Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, seier at museet er avhengig av gåvemidlar frå både offentlege og private gjevarar.Men han har stor tru på at det skal la seg ordne. Museet har sett i gang ei kronerulling til føremålet.

Selfangst

Peter S. Brandal er mest kjend for sin innsats for ishavsnæringa. I unge år dreiv han fiske utanfor Troms og Finnmark, og la merke til at skøytene oftast kom til lands med full last.

Han vart medeigar av 56 fot lange «Minna» i 1896, og to år etter rusta han ut «Minna» for selfangst og drog til Vesterisen. Faren, Severin Brandal, reiste same året med skøyta «Nils Liaaen» frå Ålesund.

Vaks raskt

Selfangstnæringa vart i løpet av få år ei av dei største næringane på Sunnmøre. Næringa la på mange måtar grunnlaget for den maritime industrien.

Berre i Hareid kommune har det vore om lag 50 skuter på selfangst.

Gå nye vegar

Bakgrunnen for at Peter S. Brandal starta utvinning av kol på Svalbard, var at det under første verdskrig, og spesielt i 1916, var store vanskar med å få kjøpt kol til stimbåtane.

Peter S. Brandal bestemte seg for å gå nye vegar, og i 1916 kjøpte han kolfeltet Kings Bay på Svalbard frå dødsbuet til gruvemagnaten Chr. Anker. Etter kvart kom det ny og større kapital inn i drifta.