Betre seint enn aldri er eit gamalt visdomsord. Det høver på Aksel S. Remøe frå Remøya som har gjeve ut bok.

Forfattaren som bur i Sandefjord, har presentert boka i eit stort intervju på kultursidene i Sandefjords Blad.

– Boka er litt utanom det vanlege, seier forfattaren til avisa. Boka heiter «The Wheel» og ho er trykt i Canada og er berre å få på engelsk. Men han held på å omsetje boka til norsk. Handlinga fortel om forretningsmannen Alex Sander som flyktar frå russarane.

I mange år gjekk Remøe med tankar om å skrive bok, og då alderen passerte 90 år meinte han at det var på tide å gjere alvor av det. Verdsrommet og partiklane der er eitt av tema i verket.

I grove trekk går historia ut på at forretningsmannen Alex Sander utviklar eit hjul med tungtvatn, for å teste om partiklane i universet er årsaka til tyngdekrafta på jorda. Men russarane vil vite kva han har funne ut og dei kidnappar dottera hans, for å tvinge han til å fortelje.

Fleire gonger er Sander på flukt frå russarane og han kjem opp i mange spennande situasjonar. Til Sandefjords Blad fortel Aksel Remøe at det til tider var vanskeleg å arbeide med boka, fordi det er så mykje som skjer i handlinga. Det var såleis ei stor lette å få den ferdig trykte spenningsromanen i hendene.