I 2012 sytte sviskemaskina Bryan Adams for publikumsrekord og vel 7.500 besøkjande. Men rockerusen la seg med påfølgjande bakrus og underskot.

Dag Inge Landbakk vart ny festivalsjef for halvanna år sidan, og i fjor klarte festivalen så vidt å halde hovudet over vatnet med seks tusenlappar i overskot. Før dei offisielle tala blir lagt fram etter årets fest, ser det langt lysare ut.

Men det vil ikkje den ferske festivalsjefen ha ære for åleine: – Dette er lagarbeid, ikkje noko einmannsshow.

– Knirkefritt

Festivalsjefen gjekk å venta på at noko skulle skjere seg.

– Vi fortener det, vi har jobba knallhardt for suksessen.

Gamal moro

Om få dagar set festivalleiinga seg ned for å evaluere årets fest. Men det skal vere fort gjort.

– I år er det berre jubel så langt, så etter noko småpirk kan vi setje i gong med planlegginga av neste års festival, seier Landbakk, som lovar eit solid program, utan at dei skal fråtse av årets overskot.

– Pengane som blir til overs frå i år blir brukt på å betale for gamal moro, frå 2012, seier Landbak.

Mange høgdepunkt

Landbakk er sjølv veldig nøgd med årets program, men er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet.

– Eg trudde det berre var tyggegummipop. Men det viste seg å vere knalltøft. Det var mykje hardare enn forventa, og dei fekk med seg folket på en veldig bra måte. Og folkeliv er jo en viktig del av festivalen.

<strong>Festivalsjef:</strong> Dag Inge Landbakk vart sjef for halvanna år sidan.Foto: RaumaRock
<strong>Rival Sons:</strong> I midten kan du sjå Torger Håvåg frå Eiksund som kom til Rauma for å sjå LA-bandet for 4. gong. – Solid som alltid, seier Håvåg, som meiner det er håp for rocken. Foto: Anton Kristensen/RaumaRock