Det seier Martin Sundland, ein av produsentane for «Bølgen» under ein pressekonferanse, etter at pressekorpset har fått smugkike på filmen tidleg søndag. Filmen handlar om den dramatikken som oppstår når fjellet på Åkerneset i Stranda brått rasar ut i fjorden, og innbyggjarar og besøkande i Geiranger har 10 minutt på seg til å flykte frå flodbølgja.

Så langt er «Bølgen» selt til over 100 land. Søndag kveld vert kastastrofefilmen vist som opningsfilm under filmfestivalen i Haugesund.

Spente på lokal mottaking

- Ja, vi kjenner på det. Og vi er audmjuke i forhold til at menneske lever med trugselen over seg. Vi visste det ville kome reaksjonar. Men samstundes falt vi ned på at det likevel var rett å gjere det.

Han legg til at hadde dei ikkje fått til eit så godt samarbeid med ordførar, politi og tilsette ved beredskapssenteret, som overvakar fjellet på Åkerneset, samt dei mange som har stilt som statistar og støtta dei, hadde det ikkje blitt nokon film.

- Vi håper også at filmen kan bidra til å bringe rassikring opp på den offentlege agendaen, og setje fokus på ein tematikk som mange syns er viktig, seier produsenten. Han har no tenkt å puste ut litt, og vente spent på at filmkritikarane skal avseie sin dom.

- For oss har det òg ei stor betydning kva lokalbefolkninga meiner om filmen. Vi gler oss til å vise filmen i Geiranger 26. august.

Tøff jobb under vatn

I hovudrollene finn vi Kristoffer Joner som den erfarne geologen Kristian Eikjord, som er gift med Idun (Ane Dahl Torp), tilsett ved eitt av hotella i bygda.

Dahl Torp meiner katastrofefilm er ein brei sjanger som umiddelbart kan famne mange sjåarar, såframt handlinga er spanande og fenger nok til å halde på publikum heile vegen.

- Og det meiner eg verkeleg vi har fått til, seier Dahl Torp.

- Eg liker godt denne sjangeren sjølv. Det er mykje vondt og godt som kan skje på same tid. Det handlar om sjølvofring og det å ta sjansar, og det trur eg er noko alle liker å sjå.

Både Joner og Dahl Torp har jobba steinhardt for å trene seg opp til filmen, og då særskilt til scenene som er tatt opp under vatn. Under pressekonferansen blir det tøysa med det originale grepet det er å bruke ein asmatisk, lite trent skodespelar, til å spele ein helt, men skal vi tru Dahl Torp har Joner irriterande god lungekapasitet, og takla overraskande bra å vere under vatn.

- Men når du verken får lov til å puste eller sjå under vatn, og du samstundes skal gjere jobben din, kan det til tider vere ein smule vanskeleg å vere skodespelar, meiner Joner.

- Viss de fekk beskjed om at de fekk lov til å pakke tre ting i ryggsekken, før de måtte flykte frå flodbølgja. Kva ville de pakke?

- Dottera mi. Ventolin (astmamedisin). Og kontaktlinser. Eg ser veldig dårleg, svarer Joner med eit smil.

- Eg forutset at barna er ute, så då ville eg pakke med meg gamle dagbøker. Datamaskina. Og album. Eller vent litt, kanskje eg måtte ein tur opp på loftet for å ta med meg nokre gamle brev, uttalar Dahl Torp.