Det er igjen duka for fem dagar med klassisk musikk etter at Fjord Cadenza-festivalen opna på Skodje onsdag kveld.

Ein fullsatt sal hadde benka seg for å høyre opningskonserten med det 40 personar sterke Kaunas City Symphony Orchestra i Gomerhuset, då programleiar og TV2-anker Arill Riise entra scena. Til folk si forundring annonserte han ikkje berre første nummer – han greip også dirigentstokken.

«Ting eg ikkje kan»

I forkant hadde Riise annonser t på Twitter at han skulle delta med «ting eg ikkje kan». Til det hadde han berre ein kort kommentar før konserten.

-

Det er ikkje måte på kva ein gjer for at andre skal ha det gøy.

Etterpå såg ein andpusten Riise ikkje ut til å ha det så verst sjølv heller, etter å ha leia det meritterte symfoniorkesteret frå Litauen gjennom «Champagnegaloppen».

Dei meir konvensjonelle (og kanskje meir høgverdige) innslaga fulgte tett etterpå, mellom anna med Dvorak og Odd Johan Overøye sin «Treet».

Les melding av konserten og reportasje frå opninga i Sunnmørspostens papirutgåve torsdag - eller i Eavisa her