Og høgdepunktet var kanskje i dag. Då var det ti meter Kvæfjordkake på programmet. Og det var openbart populært. Heile den ti meter lange kvæfjordkaka forsvann nemleg.

Kakeetinga vart akkompagnert av bursdagssynging frå barnehagebarn, som heller ville ete sjokolade.

– Dei åt sjokoladekake og saft medan dei vaksne tok seg av Kvæfjordkaka og kaffe, seier Ulstein Fjørtoft.

Veka har dei til no feira med gratis frukost og konsert på måndag, bollebuffet på tysdag og i dag altso meterkake.

Programmet for dei neste dagane er potetballbuffet, festbuffet og kake og kaffi.

Ti år med kulturkafe

– Nettopp var det nokre som hoiia og vinka medan dei gjekk forbi. Hit kjem alle slags folk, og dei seier at dei trivst veldig godt, det er det som er så kjekt, seier Ulstein Fjørtoft.

Nokre sit på kafeen frå opning til stengetid, andre er innom og kjøper lunsj eller middag.

– Her er hundre sitteplassar, så det er bare hyggeleg at det er folk som er her, seier den daglege leiaren.