Deutscher Jugendliteraturpreis er Tysklands største litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. Det er ungdomsjuryen som består av ungdom frå heile Tyskland som har nominert boka.

Prisen er på 8000 euro og vert delt ut i Frankfurt i  oktober, skriv Samlaget i ei pressemelding onsdag.

Kaldhol vann prisen i 1988 for debutboka si Farvel, Rune (i kategorien beste biletbok, der ho delte prisen med illustratør Wenche Øyen).

Søkeord ayotzintli (2010) fekk Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok då ho kom ut i Noreg.

Søkeord ayotzintli tek ein ung gut livet sitt, men romanen handlar mest av alt om kvifor livet er verdt å leve. Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarer ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.