Nils Ose er lettare forferda framfor kyrkjekonserten som markerer dette nye jubileet.

Grunnleggjaren, det var Ingemar Fotland frå Hardanger. Han tok lærarutdanning på tjuetalet. 1947 vende han tilbake for å drive musikkundervising. Tanken om eit eige orkester melde seg kjapt. Fotland var nemleg dirigent attpå. Også Nils Ose gjekk lærarskule. Han kom til å fylgje i Fotland sine fotefar, så å seie. Vart sjølv legendarisk utøvar, dirigent og lærar på Kårstadbygget – og i lag med broren Knut vital for drifta av symfoniorkesteret.

Under jubileumskonserten spelar Nils fjerde – og siste stemme. Dei tre hine i hornrekkja har litt å leve opp til. Om åra gjekk fort for Nils og andre veteranar, vil vi tru dei har vore fylt med rikt innhald. Store opplevingar mellom alt det grå-trottige arbeidet.

Sjølv om orkesteret har fått nytt namn i takt med endringane i utdanningssystemet, ligg musikklina på tradisjonsrike lærarskulen i botnen. Men ensemblet hadde ikkje eksistert i sju tiår utan alle dei fastbuande proffe, semiproffe og glade amatørmusikarane.

Jubileumskonserten er eit rørande døme på kva som vert mogleg med denne miksen.

Repertoaret strekkjer seg frå 1600-talet heilt fram til vår eiga tid. Glitrande opning med «Watermusic» vert avløyst av cellist Kai Evensen i ein adagio frå Boccherini sin konsert frå 1700-talet. Kyrkja sin vakre akustikk kler den lune klangen hans riktig flott.

Så stort som orkesteret er i dag, må dei mest klemme seg inn der framme i koret. Solisten Øyvind Aspenes Robak har ikkje anna val enn å gå oss i møte mellom benkane.

Make til fiolinspel: I dei to satsane frå Vieuxtemps sin konsert nr. 4 vert vi kjende med ein virtuos musikar med stor M. Robak spelar «papirlaust», med fenomenalt trygt overskot. Dette er svært for orkesteret også, eit lysande høgdepunkt.

Maestro Miki Campins formar musikken med eleganse og naturleg autoritet. Det kan sjå lett ut. Men alle som har vore i orkester veit eitt og hitt om kva som ligg bak.

Magnar Åm sitt verk Livsjàande er underfundig sprudlande. Nydeleg fløytespel i ensemblet og plystring (!) av Åm sjølv ved flygelet. Tandert, men med utbyte deretter. Full gass kan mange klare. Men å formidle i andre enden av verkemiddel-skalaen fordrar knallhard innsats av alle. Sjølvsagt finst dei vanlege detaljane å pirke i, men heilskapen forbløffar oss. Det skal seiast.

Imponerande er unge Louise Engeseth òg. Henne opplevde vi som engel i eit juleoratorium for nokre år sidan. No syng 16-åringen Mozart fullvakse og frydefullt.

Siste del av konserten er reine dansen på slak line: Grieg sine suitar 1 og 2. Noko av det kjæraste og mest kjende vi har. Vidope, luftig, livsfarleg. På nytt vert vi slegne av den gjennomarbeidde elegansen. Vi er trass alt på bygda. Lik det eller ikkje.Korkje Volda eller Ålesund er orkestrale sentrum i universet. Spele «Eddien» på ærefullt vis gjer ein likevel.

Ekstranummer? Nydelege Nimrod frå Elgar sine berømte Enigma-variasjonar. Reine gåta at dei torer. Då spretter det ei tåre. Hjarteleg til lukke!

Konservatorieutdanna og Volda-busette Øyvind Aspenes Robak alternerer med Martin Schiessler som konsertmeister. Foto: Bjørn Halvorsen
Louise Engeseth (16) går musikklina. Det vert spennande å sjå kva denne jenta driv det til. Ho syng allereie Mozart framifrå. Foto: Bjørn Halvorsen
Superveteranen Nils Ose, t.v. kosar seg i lag med gamle kjende, tidlegare elevar og ny-rekrutterte ungdomar. Foto: Bjørn Halvorsen