– Til vanleg ligg det på i overkant av 30. Spesielt er vi imponert over ViVa Korpset, Vigra og Valderøy skulekorps, som stiller med eit eige drillkorps på 25 utøvarar. Det er vanskeleg å få tak i drillinstruktørar i dag, difor er det ikkje mange som greier å stille med eit eige drillkorps,

Det seier Norveig Alvestad, formann i vertskorpset Brattvåg Skulekorps, som sjølv har hatt ei solid drillgruppe i mange år.

Denne helga samlast 300 korpsdeltakarar i Brattvåg til Kick Off 2014. Hit kjem ungdom frå heile Sunnmøre representert gjennom 12 skulekorps, frå Sula, Ålesund, Giske, Haram og Romsdal. Arrangementet startar fredag.

Speleglede

– Tanken er at mange små korps skal få oppleve å spele i eit stort korps som gir trøkk. På den måten skal ein få eit kick til å reise heim for å verve fleire korpsmedlemmar. Speleglede og meistring er intensjonen bak arrangementet, fortel Alvestad.

Deltakarane, som skal halde hus i lokala til Brattvåg skule, Brattvåg ungdomsskule og Haram vidaregåande skule, blir delt inn i fire grupper. Eit aspirantkorps, eit drillkorps, eit junior og eit seniorkorps.

Konsert med nytt musikkstykke

Gjennom helga skal det øvast på eit repertoar som skal framførast på søndag ettermiddag.

Kåre Nymark har levert eit rykande ferskt musikkstykke som skal spelast av den gruppa han skal vere instruktør og dirigent for under Kick Off. Gruppen består av dei som har spilt i korps i over fem år.

Norges Musikkorps forbund er også representert på årets Kick Off, ved Nils-Gunnar Solli. Søndag, rett før avslutningskonserten, vil han halde eit dialogmøte med alle leiarane frå deltakarkorpsa, med motivasjon som tema.