«Ingen kan varda den vegen du skal gå, ut i det ukjende, ut i det blå. Dette er din veg. Berre du skal gå han. Og det er uråd å snu (…)». Det over 70 år gamle diktet til Olav H. Hauge har evig relevans. For andre kan ikkje, og bør ikkje, ta alle val for deg.

Til dømes er det berre du, åleine, som bestemmer om du skal kaste deg inn i samfunnsdebatten eller ei. Å sette namnet ditt bak offentlege meiningar som andre kanskje er usamde i? Det er ubehageleg. Lettast å la vere. Men samtidig kan oppsida, for både deg og samfunnet, vere utruleg stor om du berre tør å prøve.

Generasjon Z

Altfor få av lesarane våre er under 30 år. Desse høyrer til «Generasjon Z», som blant anna kan kjenneteiknast ved at aldersgruppa ikkje er oppvaksne med bruken av redaksjonelle medium på same måte eldre generasjonar.

Det er kanskje ikkje ei ny problemstilling at unge vegrar seg for å ytre seg på debattplass i avisene, men korleis vil dei kunne bidra til å bevare ytringskulturen i demokratiet vårt dersom dei aldri vart introduserte for den offentlege samtalen i utgangspunktet?

Godt oppe i åra

Sunnmørsposten publiserer over 900 debattinnlegg i året, og dei aller fleste er skrivne av bidragsytarar godt oppe i åra. Alder og erfaring er bra det, men ikkje alltid. Skal samfunnsdebatten faktisk spegle samfunnet, så må det også vere eit mål at debattantane representerer ei størst mogleg breidde i nettopp alder og erfaringsgrunnlag.

Utan unge stemmer er det nemleg fare for at ei rekke tema og perspektiv ikkje blir løfta fram i det heile tatt. Til dømes var det berre seks prosent under 30 år som deltok i debatten hos oss i 2022. Skarve 1 prosent var under 20 år.

1.000 kroner for å tørre

Det måtte vi gjere noko med, og svaret blei skrivekonkurranse, men med ein eigen vri. Det typiske for ein skrivekonkurranse retta mot unge er å lansere eit tema, og berre la nokre få bli publiserte og vinne premiar. Men vi ønska at flest mogleg skulle få lyst og høve til å ytre seg hos oss.

Vi kalla det «Unge stemmer», og frå oktober til desember oppfordra vi alle mellom 13–30 til å sende oss eit debattinnlegg om noko dei var opptekne av.

Vi stilte same krav til konkurransebidraga som til alle ordinære debattinnlegg som kjem til oss. Men forskjellen var at dei ferske stemmene som blei publiserte gjennom Unge stemmer, blei premierte med 1.000 kroner. 1.000 kroner for å tørre.

Responsen var fantastisk. Heile 55 debattinnlegg kom på trykk, med skribentar i alderen 13–28 år frå heile sunnmørsregionen. Snittalder for dei publiserte debattantane er 16,7 år.

Tankevekkar etter tankevekkar

Tematikken for innlegga har vore svært varierte, frå utdanning og psykisk helse til internasjonal politikk. Mange tok også opp lokale tema som mangelfulle idrettsfasilitetar, distriktsfiendtleg køyreopplæring, manglande skuleskyss, og så vidare.

Eg følgjer med på nyheitsbildet dagleg, men gjennom Unge stemmer-innlegga blei eg stadig konfrontert med nye problemstillingar eg ikkje kjente til frå før. Tankevekkar etter tankevekkar!

Eg trur eg ikkje er åleine om den oppfatninga, og derfor meiner eg at skrivekonkurransen nådde sitt viktigaste mål: eit mangfald av stemmer som set søkelys på noko vi ikkje visste frå før – og dermed har bidratt til at vi alle blir meir opplyste medmenneske.

Leiinga i Sunnmørsposten har allereie konkludert med at vi ikkje kan gi oss no. Haustens Unge stemmer blei finansiert av midlar frå stiftinga Fritt Ord, men vi ser no på moglegheiter for å gje ein ny generasjon samfunnsdebattantar ein dytt på fast basis. Tenk så mange tankevekkarar vi kan få!

PS. Av dei 55 publiserte debattinnlegga har Sunnmørspostens jury kåra tre hovudvinnarar som vil få større pengepremiar. Offentleggjeringa vil skje innan kort tid.