VTI Langrenn og Skiskyting er tilslutta Sogn og Fjordane skikrets, og difor kan dei delta i KM i sørefylket.

KM skulle ha vore avvikla på Ålandsleitet, men snømangel der gjorde at Ullsheim vart staden også denne helga.

Det var brørne Hallvard og Torjus Engeset Woldsund som sørga for medaljesanking til VTI denne helga. Hallvard greidde for fyrste gong å kome på pallen i den tøffe G14-klassa med sju treff og god fart i løypa. Medan Torjus nok ein gong viste at han er solid både på standplass og i sporet. Som forrige helg tok han KM-sølvet i G16, berre sekundet føre nr. 3.

Fleire andre frå VTI hevda seg også godt, men utan å nå pallen. Her kan nemnast Jens Hauge i G16, Brede Driveklepp i G14 og Turi Lise Totland i J14.

I klasse G12 (utanom KM) gjorde Marius Sætre Hove det flott med ein fin 2. plass i klassen.