Bergensaren Marcus Vedeler hadde på førehand profilert seg relativt friskt som den fyrste berrfot-løparen i Nibbeløpet si historie. Og debuten skulle skje i løp nummer 24.

- Det sit oppe i hovudet. Ein må sjølvsagt vere budd på smerte, og tole det. I tillegg har eg endra litt på den vanlege løpsteknikken. Lavare steg, eller ein litt meir «subbande» stil, seier Vedeler som bur i Eid kommune i Nordfjord.

Lurt av Kamp

Seinare på dag kryssa Vedeler mållina på 2.36.56 – med sandalar på føtene. Men han vart likevel ikkje den fyrste utan sko på beina i Nibberittet. Ganske nøyaktig ti minutt tidlegare (2.26.55), hadde Kenneth Kamp kome i mål, også han bergensar. Og han kom verkeleg berrføtt, og i perlehumør:

Mest som i boksing

Vedeler røpa før start at han hadde trena mykje styrke, at han kjende seg sterk, og at matchvekta var 84 kilo. Her vart det den lettaste som vann, og ikkje berre det:

Med berre åtte deltakarar ser Nibbedobbelen til å gå mot si endelikt. Difor kan det vere kjærkome om berrføttingane på sikt kan bli ny vekstnæring i Geiranger. Sjølv om korkje Ragnar Seljeset eller Olaf Øien, dei einaste med 24 Nibbeløp av 24 moglege, kjem til å ta av seg fottyet under jubileumsløpet i 2018. Det er vi brennsikre på.