Ørsta-jenta Silje Fjørtoft har vore mykje skadeplaga den siste tida, men var tilbake til 3000-meteren på Bislett under stemnet Boysen Memorial torsdag. Fjørtoft, som no representerer Ull/Kisa, vann konkurransen med tida 9.39.10.

Dimna IL hadde med fleire lovande deltakarar under Boysen Memorial.  Johanne Rise Kvalen vart nummer tre i lengde. 5.41 meter var litt bak eigen pers. Jonas André Ose, 15-åring som er svært lovande i sprint, prøvde seg mot dei beste på 100-meter. 11.21 sekund heldt ikkje til finaleplass.

Alice Ulla Berg fekk tredje best tid i forsøket på 100-meter med tida 12.41. Men ho stod over finalen for å satse meir heilhjarta på 400-meteren. Der fekk Berg tida 58.68.