Ny friidrettsfest i Ulsteinvik:

Warholm tester vinter-formen på hjemmebane

Både Karsten Warholm og Amalie Iuel kjem til Ulsteinhallen når Dimna Games går av stabelen i slutten av januar.

Karsten Warholm skal teste formen i Ulsteinvikhallen i slutten av januar. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix 

Lokal sport

Warholm og Iuel vil nytte stemnet til å teste forma på 400 meter etter ein lang haust og vinter med god trening, skriv Dimna IL i ei pressemelding.

– Karsten vil truleg i år som i fjor ha ein kort innandørssesong med få stemner. Dette blir derfor eit av dei få høva til å sjå Karsten i aksjon før utandørssesongen, skriv idrettslaget.

Stemnet blir eit kompakt stemne som skal vare i om lag to timar, og blir bygd opp rundt desse to stjernene. I tillegg får fleire lokale utøvarar høve til å vise seg ram. Den endelege deltakarlista og programmet vil kome på plass den kommande veka.

Verdsmeister Karsten Warholm etter prisdryss i jubelåret:

– Eg er audmjuk og takksam