No bur 47-åringen med familien på Ellingsøya etter å ha flytta til Sunnmøre for 18 år sidan. Ho er opphavleg frå Russland, men trivs både i bogeskyttarmiljøet på Vigra og å vere norsk statsborgar.

– Eg byrja med bogeskyting i 2016 og har no noregsrekorden med langboge.

– Kvifor akkurat langboge og ikkje meir avansert utstyr som compound- og recurvebogene som dei fleste skyt med?

– Fordi det enkle er det beste, det er jo langboge og utan siktemiddel som er den opphavlege bruken av pil og boge, seier Lydia.

Ho likar ikkje alt det tekniske utstyret som er med dei avanserte bogene hovudparten nytta seg av under noregsmeisterskapen.

Også Harøy Bogeskyttarlag har nokon av landets beste lagbogeskyttarar. Ja, dei beste i den klubben hevdar seg også internasjonalt. Men dei har best resultat utandørs på feltskyting ute i naturen.

NM i Vigrahallen var avvikla med skot på skiver med 18 meters avstand til blinkane.

Les meir om NM under: