Det er fylkesrådmannen som opplyser dette i ei sak som er på veg til Møre og Romsdal fylkesting.

– Opprusting av bruer, ferjekaier og tunnelar er samla sett ei stor utgift for fylkeskommunen, men det hastar for å unngå stenging av veglenker, skriv rådmannen.

Følgsmp.no på Facebook

100 millionar årleg

I saka er ikkje så mange konkrete prosjekt nemnde, men det er velkjent at bruer i Herøy står på skade, og det ligg føre ei lang liste med fylkeskommunale tunnelar som det burde vore gjort noko med.

Arbeidet på det fylkeskommunale anlegget Nordøyvegen kan tidlegast starte neste år, og etter det kjem Trollheimstunnelen, opplyser rådmannen.

Det er ikkje planlagt opprusting av den dårlege ferjekaia i Hundeidvik. Trafikken her skal teljast, og så skal dei kome med tilråding av kva som kan gjerast. Det er lagt inn pengar etter 2023 til opprusting av spesielt sårbare ferjekaier.

Dei mange bruene som er i forfall må stengast heilt eller delvis om få år, eller få nedsett akseltrykk dersom ikkje noko vert gjort.

Kostnadsprekk

Fylkesrådmannen fører eit avdempa språk, men midt inn i ein tekst kjem ei slik formulering: «I mange tilfelle er vedlikehaldsbehovet så stort at veglenkjer blir kutta om ikkje prosjektet vert realisert».

Samla kostnad der har kome opp i 209 millionar kroner. Denne auken i utgift frå 199 millionar kroner har ikkje medført meir pengar til samferdsel, og er slik ein av grunnane til at investeringsprogrammet ikkje går i balanse. Dermed vert andre prosjekt utsette.

Knpat med pengar

Dersom ikkje staten kjem med ekstra pengar for å stoppe forfallet, er det lite pengar att til Knausenlinja i Molde, sikring av mur på Stranda, Skarabakken i Herøy og fleire.

Samferdselsutvalet har vedteke å overta eigarskapen til veglys, men i dag kan ikkje rådmannen tilrå fylkestinget å overta fleire veglys enn dei som dei kan få gratis.

Fylkesrådmannen viser og til dei store utgiftene med drift av buss. ferje og veg.