Prega av fenomenet falske nyheiter var underteikna i utgangspunktet positiv til at norske nyheitsredaksjonar tok dette på alvor, og etablerte ein eigen faktasjekk-redaksjon. Ein redaksjon som kan vere eit korrektiv til det som blir publisert gjennom andre og gjerne mindre seriøse kanalar. Men kva tilfører redaksjonen Faktisk.no oss? Gjer dei ikkje berre same jobben som ein kvar journalist og nyheitsredaksjon bør gjere i kvar einaste sak?

Svaret på dette er JA. Faktisk.no tar til dømes tak i ein påstand frå ein politikar. Sjekkar det som er mogleg å finne av objektiv informasjon rundt temaet, og hentar inn andre kilder som kan belyse problemstillinga. Vel og bra det, men det er jo det som bør vere heilt normal prosedyre for ein kvar journalist i kvar einaste sak. Difor er det merkeleg at store nyheitsaktørar opprettar ein eigen redaksjon for å gjere denne jobben.

«Det er noko som skurrar»

Kva fører så dette til? Blir journalistane i dei ordinære redaksjonane skjerpa til å gjere betre grunnarbeid, fordi det er noko som ser dei i korta? Eller blir dei sløva fordi det ikkje er så nøye, sidan nokon vil sjekke det uansett? Svara på desse spørsmåla får vi etter kvart, men redaktørane bør følge nøye med. For oss utanforståande er det noko som skurrar, når vi ikkje lenger kan vere sikre på at det er korrekte opplysingar vi får gjennom dei ordinære nyheitskanalane.

«Vi forventar at nyheitene er sjekka og kvalitetssikra før dei blir publisert.»

«Vi vil ikkje ha usanne nyheiter, sjølv om dei kan vere både spennande og underhaldande. Når slike fiktive historier likevel passerer gjennom ein redaksjon, vil vi ha dette dementert så raskt som mogleg i same publikasjon.»

«Vi forventar at politikarar får kritiske motspørsmål til det dei seier, og at det blir stilt krav om å sannsynlegjere påstandar som blir sett fram.»

«Vi forventar at politiske journalistar har sett seg godt nok inn i dei aktuelle sakene til å gjere denne jobben, og ikkje blir passive mikrofonstativ.»

«Ofte relativt»

Viss dette blir gjort, er det ikkje bruk for ein overordna kontroll-redaksjon. Så langt ser det ut til at Faktisk.no driv med ordinær journalistikk på lik linje med alle andre redaksjonar. Dei vel kva for saker som skal prioriterast. Dei vel relevante kilder, kva for informasjon (fakta) som skal leggast vekt på, og kva for vinkling dei har på saka.

Det som blir presentert som fakta er ofte relativt. Val av kilder, vinkling av saka og kva for fakta som blir lagt vekt på, er vesentleg for kva som blir oppfatta som sanninga. Såleis blir Faktisk-redaksjonen ein ”ulv i fårekle”, som gir seg ut for å vere sjølve objektiviteten, men samtidig gjer sine klart subjektiveprioriteringar.