Den maritime næringa seglar for tida i motvind, og mange arbeidstakarar har mista arbeidet sitt, og fleire vil det truleg bli frametter. Dette skuldast i hovudsak sviktande konjunkturar innan oljebransjen – minkande etterspurnad etter olje og oljerelatert industri. Dette har sin bakgrunn i ein gobal situasjon. Det er viktik at staten set inn mottiltak mot den stigande arbeidsløysa, og særleg har fokus på å halde oppe aktiviteten i andre område med høg sysselsettingsfaktor, tenesteytande næringar innane offentleg helse, sjukehusdrift m.m.

Politikk

I Sunnmørsposten den 20. aug. går Hareids-ordføraren Anders Riise ut og seier at det er brutalt å leggje ned heile Roll-Royce – fabrikken i Hjørungavåg, og dette er det ikkje vanskeleg å seie seg einig i, men det er så lite me kan gjere overfor det private næringsliv som har som mål å tene mest mogleg pengar til sine eigarar. Det er ikkje noko gale i det.

Det vert på ein måte ei form for «krokodilletårer» når Høgre – ordføraren i Hareid og leiar av Sunnmøre regionråd rettmessig nok seier dette, men samstundes står for ein uttale på «vegne av sunnmøringane» med fleirtal av Høgre-ordførarar utan folkevald mynde, der ein går inn for å leggje ned Kristiansund sjukehus og bygge det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal så «nær Molde som mogleg slik at Sunnmøringane som vel bort Ålesund sjukehus, får kort veg til dette sjukehus» når dei vel anna sjukehus enn Ålesund/Volda.

Helse

At Høgre-ordførarane i god Høgre-tankegang legg til grunn bedriftsøkonomiske vilkår for folk si helse på Sunnmøre får vere deira problem. I uttalen legg dei til grunn fire punkt for denne uttalen:

1. Lokaliser slik at driftsøkonomien vert optimal!

2. Dimensjonere slik at volum/areal og kapasitet blir optimal!

3. Ta heilskapleg avgjerd om funksjonsfordeling og fagleg innhald i sjukehusa!4. Ta omsyn til befolkningskonsentrasjon ved lokalisering!

Tydlegare kan det ikkje seiast at ikkje berre Kristiansund sjukehus vert nedlagt og arbeidsplassar forsvinn. Men det same kjem til å skje for Volda sjukehus om ikkje politikarane på Sunnmøre står opp og heiser opprørsfana. Funksjonar ved Ålesund sjukehus skal etter at Molde nye sjukehus er utbygd på Oppdøl, overførast dit, og fleire av « sentralsjukehus-funksjonane» i Ålesund vert lagt ned. Tap av arbeidsplassar også her, ikkje berre for Ålesundarar men også for store bygdelag i kring.

Sjukehus

Som medlem av helse – og sosialutvalet/sjukehusstyret i Møre og Romsdal gjennom åtte år fram til Staten overtok og sjukehusa vart eit «enkeltmanns» foretak, avslutta fylkeskommunen sitt eigarskap til sjukehusa i fylket med eit samrøystes vedtak i fylkestinget at: Møre og Romsdal skulle ha fire sjukehus – lokalsjukehus i Kristiansund, Molde og Volda, og sentralsjukehus i Ålesund, med andre ord – god funksjonsfordeling.

Fylket utarbeidde planar for nytt sjukehus i Molde med psykiatrisk storavdeling plassert på Lundavang (noverande Molde sjukehus). Det er sjølvsagt viktig å hushaldere på ein slik måte at ein ikkje sløsar med det offentlege sine pengar og ikkje legg ned desse sjukehusa, men bygge vidare på sjukehusa i Kristiansund og Volda, teke i bruk i 1982, som ein viktig helsepolitisk resurss.

Fogdestrid

Det er naivt å tru som Sunnmøre regionråd at i framtida skal Ålesund sjukehus vere nr. 1 – sjukehus i fylket. Kven bestemmer det? Jau styret i Helse Møre og Romsdal med styreleiar Stein Kinserdal i spissen ut frå bedriftsmessige omsyn. Det er Statsråden i «samarbeid» med Helse Møre og Romsdal sitt styre som nører opp om og skapar futedømmestrid, truleg og i samarbeid med enkelte lokalpolitikarar i nærområdet kring Molde nye sjukehus.

Val

Usemja byrja då Staten tok over og bestemte at det skulle byggast eitt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Oppdøl og ikkje slik politikarane i fylkestinget arbeidde og la planar for. Så styreleiar og statsråd: Det er ikkje noka skam å snu. Gå tilbake til utgangspunktet, ta fram planane for sjukehusstrukturen i fylke som hadde basis i folkevalde vedtak, stå på lag med folkemeininga i fylket!

Måndag den 14. sep. er det kommune- og fylkestingval. Som veljar kan du velje rep. som vil stå på for sjukehusa på Sunnmøre -, Ålesund og Volda. Uavhengi valliste for Sunnmøre vil vere ditt talerøyr og vern mot nedlegging av sjukehusa og reduksjon av helse tilbod på Sunnmøre: Kvar gjeng du dunnmøring?

TORLEIV ROGNE

2. kandidat Uavhengig valliste for Sunnmøre