Det er uansvarleg å satse på E39, Kyststamvegen. Vestlandet skal ha eit moderne samferdslenett basert på lyntog, meiner Rasmus Hansson, leiar for Miljøpartiet Dei Grøne i eit oppslag i Bergens Tidende og han får støtte frå alle fylkespartia på Vestlandet i oppslaget. MPG Sogn og Fjordane støttar endå sterkare opp med eigen artikkel under overskrifta «Fossilvegen E39».

Partiet er inspirert av Intercitytoget som skal utføre 10–12 mil lange arbeidsreiser til og frå Oslo i 250km/t. Lange arbeidsreiser er eit negativt miljøtiltak. Toget treng 20 gonger så mykje energi og får 20 gonger så store globale CO2-utslepp pr. reisande som ein buss på 4-felts motorveg som går parallelt når vi trekkjer inn energibruk til bygging og vedlikehald av tunge tog og ein lite utnytta køyreveg. I sommar frakta el-bussar turistar på bratte fjellvegar i Geiranger. El-tog er såleis ikkje noko argument. Det er energieffektiviteten som tel.

Intercitytoget skal gå mellom småbyane Lillehammer i nord, Halden i søraust, Skien i sørvest og Hønefoss i vest. Opplegg og transportkapasitet er nesten like stort som lyntoglinja London–Paris som har eit trafikkgrunnlag på 40 millionar menneske. Etter utvidinga til Hønefoss vil utbygging av Intercitytoget koste 200 milliardar kroner, og tek vi med tidlegare satsing gjennom 50 år på den kostbare delen Drammen–Oslo- Mjøsa, så vert samla kostnad 300 milliardar. I tillegg vil vedlikehaldet i det lange løp koste over 300 milliardar kr. Dette er dobbelt så mykje middel som Vestlandet vil få til bygging og vedlikehald av riks og fylkesvegar i 60 års perioden 1964 -2023 trass i at vegbrukarane i perioden har betalt inn over 600 milliardar kroner i bompengar og særavgifter. Alt målt i 2015 kr. Togbrukarane betalar ingenting for køyrevegen og heller ikkje miljøavgifter trass i veldig store globale CO2-utslepp pr. reisande.

Truleg hentar staten inn eit overskot på minst 100 milliardar kr frå vegbrukarane på Vestlandet i perioden 1964–2023 som vert brukt til satsing på tog som nesten ikkje produserer. Frå 1946 til 2014 auka talet på reisande med tog frå 45 millionar til 60 millionar eller med 15 millionar på årsbasis trass i minst 500 mrd. kr i statstilskot. Intercitytoget vil berre føre til ein mindre auke i talet på reisande. I same periode auka årsproduksjonen med andre transportmidlar med fire milliardar reisande, og på Vestlandet med om lag ein milliard som køyrer rundt på dårlege vegar. Det fører til stor energibruk, særleg for tunge køyretøy. Jernbana som berre står for 1 % av alle personreiser og transporterte tonnmengder i landet får i 2015 nær 40 prosent av staten sine løyvingar til samferdsleføremål, 17,7 mrd.kr til Baneverket og 2,3 mrd. kr til NSB si togdrift. Midlane går til nokre få brukarar totalt sett. Intercitytoget vil årleg få eit statstilskot på minst 15 milliardar kroner når vi reknar inn kapitalkostnader. Det er meir enn bompengebetalinga eller tilskotet til det norske jordbruket. Dersom vi brukar desse midlane på el-buss i framtida kan vi produsere 10 gonger så mykje gratis kollektivtransport som det jernbana gjer i dag i eit 12.000 km langt stamvegnett som dekkjer alle delar av landet. Gratis buss med høg frekvens vil gje fulle bussar. Vi treng ein god E39 og eit betre stamvegnett for å gjere Noreg grønare. Norsk miljøpolitikk er i eit narrespel.

IDAR MO

 Sogndal