Regjeringa har sett i gang eit arbeid der alle kommunar i landet skal greie ut eventuelle samanslåingar. Haram kommunestyre har tatt ei offensiv rolle i dette arbeidet og det har det vore tverrpolitisk semje om. Haram Senterparti meiner det er rett å følgje opp Stortingsfleirtalets vedtak om å greie ut dette, sjølv om vi er svært skeptiske.

Å sjå etter nye måtar å organisere seg på for å oppnå betre tenester bør ein alltid vere open for, det å snakke med nabokommunen er og positivt og det burde ein uavhengig av kommunereform gjere oftare.

Samarbeid

Kommunestyret har så langt vurdert det slik at om det skal vurderast å gå vidare i prosessen med å finne seg partnarar er det ei føresetnad at det skal skapast ei ny kommune, med eit nytt namn og ny organisering. Det er og klart for eit samrøystes kommunestyre at byen Ålesund må vere ein del av dette skal det få ønskja effekt.

Bakgrunnen for dette er at vi i dag i lag med mange andre kommunar allereie samarbeider gjennom interkommunale selskap for å løyse mange oppgåver.

Desse oppgåvene kan også i framtida løysast gjennom denne type samarbeid dersom det ikkje vert samanslåing, men det kan verte vanskeleg for Haram dersom andre kommunar slår seg saman og vi står utanfor.

Gode argument

Dersom vi ikkje finn grunnlag for eit samarbeid er den naturlege løysinga å stå aleine, eller finne ei løysing i lag med Sandøy.

Vilkåra for ei samanslåing må vere at vi får meir demokrati, betre tenester og at folket frivillig går inn for det.

Det er gode argument både for og imot ei samanslåing, men det vil vere vanskeleg å ta stilling til fleire avgjerande spørsmål før kommunane har sett seg ned og forhandla fram eit forslag til korleis ein avtale skal sjå ut. Denne avtalen må folket ta stilling til gjennom ei folkerøysting. Vi som er politikarar må sjølvsagt argumentere for vårt syn, men vi må ha tillit til at folk veit sitt eige beste.

Eg skal når tida er der gje mitt råd, men dersom eg måtte ta standpunkt i dag hadde eg sagt nei.

VEBJØRN KROGSÆTER

Ordførarkandidat Haram Sp