Under tittelen «Norge trenger norske eigarar», understrekar kommunalminister Sanner i denne avisa den 1. sep. korrekt nok kor viktig det er med eit lokal og nasjonalt eigarskap i bedriftene.

Det er rett at lokale eigarar har vist ansvar for å vere med å bygge samfunnet rundt bedriftene, dette i sterk kontrast til dei internasjonale investorfonda som berre har interessene til sine ansiktslause aksjonærar i tankane.

Men når Sanner prøver å framstille det slik at regjeringa er oppteken av å sikre denne lokale og nasjonale eigarskapen også for framtida, då grensar det stygt til frekkheit. Sanner bør vite at regjeringskollegaene hans gjer sit yttarste for å få Norge inn i investorvernavtalen TISA, som slett ikkje vil favorisere norske innanlandske investorar. Tvert i mot vil den opne dørene på vidt gap for nettopp desse internasjonale profittjegerane som gir blaffen i dei lokalsamfunna der dei plasserer sin KORTSIKTIGE kapital. Det kan vere at Sanner ikkje aner kva konsekvensane vil bli av TISA. Han er i så fall ikkje åleine om det, og han bør i så fall gå inn på nettsida tisa.no for å lese meir om truslane frå denne avtalen. Uansett er det eit drygt stykke av eit medlem i ei regjering, som vil ha Norge inn ein avtale som til dei grader vil favorisere utanlandske investorar slik TISA vil gjere, å påstå at hans regjering fører ein politikk som vil sikre lokalt og nasjonalt eigarskap.

ODD TARBERG

Ålesund