Eg har kanskje ikkje den beste kompetanse til å vurder kva som er best med store eller mindre kommunar.

Men vi har ein statsråd som meiner å vite det. Det er særleg to argument han nyttar som er tvilsame, det eine er at han vil ha store kommunar for at vi på grasrota skal få betre forhold og betre tenesteytingar og at vi dermed skal bli meir fornøgde. No er det det at i svært menge år har det gått føre seg levekårsundersøkingar i alle kommunar i landet, og utan atterhald er det dei mindre kommunane som har kome best ut, byane og dei store kommunane har blitt desidert sist.

Og statsråd Sanner, er det berre rot og tøv då desse undersøkingane hr. konkludert med?

Det andre argumentet han nyttar er at det skal styrke lokaldemokratiet med store einingar. Eg har alltid oppfatta demokrati som moglegheita for den enkelte til å kunne påverka sin eigen situasjon og framtid. Like eins at bygder og område skal ha moglegheit til å vera med i avgjerdsprosessen om framtida. Det er berre det herr statsråd at all erfaring viser at di lenger unna avgjerdene blir fatta di mindre har den enkelte til påverknad.

Eg mistenker statsråden for å ville gjennomføre kommunereforma for at det skal bli billegare å drive butikken Norge.

Det kan vera eit greidt argument det, men då han ikkje koma med populistiske argument som ikkje held vatnet.

Eg ser i media at det blir ymta frampå om at tre kommunar kan vera nok i Møre og Romsdal. Til det kan vi seie, kvifor ikkje kutte ut det lokale kommunane og ha berre ei, fylkeskommunen.

Organisasjonen ligg der klar, det er berre å tilsetje ein del konsulentar så har vi ei organisert eining.

For oss i periferien er det klinkande likegyldig om vedtaksmyndigheita er på Molde eller i Ålesund, eller Kristiansund.

KRISTIAN Ø. RUSET

Fjørå