Enkelte hevdar at politiske vedtak betyr så lite at det ikkje gjer noko kven som styrer. Men til dømes ruspolitikken illustrerer at det kan bety svært mykje for mange kva som blir gjort eller ikkje gjort.

I denne valkampen har ungdomspartia til Høyre, Venstre og Frp markert at dei ønsker å utvide skjenketidene for alkohol. Dette vil vi sterkt åtvare mot. Undersøkingar som Statens institutt for rusforsking (SIRUS) har gjort, viser at ein time utviding av skjenketida endrar utelivsvalden med 16 prosent. Og i Trondheim melder politiet at etter reduksjonen av opningstidene i Midtbyen i Trondheim i 2008 har utelivsvalden blitt redusert med heile 40 prosent!Actis, Møre og Romsdal synest det er svært viktig at dei politiske partia og veljarane legg vekt på dei klare råda frå politi og legevakt. Dei ser konsekvensane av o

verskjenking og lange kveldar i utelivet. Åtte av ti valdstilfelle ute heng saman med bruk av rusmiddel. Mykje av alkoholpolitikken blir avgjort lokalt. Skjenkepolitikk er viktig fordi det påverkar folks trivsel og tryggleik. Kvart år blir halvannan million menneske i landet vårt plaga av andres alkoholbruk, gjennom støy, hærverk, utryggleik og vald, og ei undersøking frå Helsedirektoratet i 2014 viser at heile 36 % føler seg utrygge i sentrum på kveldstid i helgene i heimkommunen sin.

Actis ønsker eit uteliv som driv ansvarleg alkoholsal med redusert risiko for utryggleik og vald, og som avgrensar opningstidene til seinast to om natta.

EIVIND HASLE

Fylkesleiar Actis, M & R