Eit klart ja i Volda og eit klart nei i Ørsta kunne ført til at Stortinget brukte tvang for å slå saman dei to kommunane. Med mange nei-stemmer i Volda blir det langt vanskelegare, for ikkje seie omtrent umogeleg.Førehandsrøystene tyder på at det er akkurat det som kjem til å skje. Blir det eit nei-fleirtall også i Volda, har fylkesmann Lodve Solholm fått eit problem når han skal gi kommunaldepartementet eit råd. Å oversjå eit slikt resultat vil garantert skape kraftige reaksjonar.Blir resultatet i Volda i tråd med førehandsrøystene er dette eit klart nederlag for kommuneprofessor og Volda-ordførar Jørgen Amdam. Her har Amdam fått erfare skilnaden på teori og praksis. På den andre sida kan nok Ørsta-ordfører Stein Aam vente seg blomar og godord frå Senterparti-leiinga. Dei har fått stadfesta det dei har sagt heile vegen, at dette er ei reform folket ikkje vil ha.