I går hadde vi tradisjonen tru stor julefrukost her i Sunnmørsposten. Høgdepunktet var utdelinga av den årlege heidersprisen som svært velfortent går til Elizabeth Hoff. Ålesundskvinna har i snart fem år leia Verdens Helseorganisasjon (WHO) sitt naudhjelpsarbeid i Syria.

Ho er ein sunnmøring av aller sjeldnaste slaget, med eit audmjukt internasjonalt nærvær og det grenselause globale formatet få når opp til.

Ho er ei vi alle kan vere stolte av.

Kvardagen

Når bombene smell og ungar døyr, blir ein som nyheitsleiar i eit mediehus som vårt påminna om å løfte blikket.

Prioriterer vi opp og fram dei viktige sakene? Er vi på linje med lesarane våre? Eller vel vi helst å få hjula til å gå rundt for å lande på beina nok ein dag, med fylte papirsider, og tilstrekkeleg med sidevisingar og ein høg nok plussprosent (betalsaker) på smp.no til å nå måltala våre?

I jakta på svar har eg etter beste evne kategorisert alle førstesideoppslag i papiravisa sidan julaftan i fjor. Ikkje fordi desse sakene representerer den totale produksjonen vår som utgjer meir enn 15.000 små og store artiklar i løpet av eit kalenderår, men førstesidevala våre peikar framleis på noko grunnleggande om kva redaksjonen prioriterer som dei mest sentrale og viktige sakene våre.

Næringsliv og byen

Det viser seg at nær 100 førstesider har omhandla lokalt jobb- og næringsliv. Det er godt over 30 prosent. Dette er svært mykje, men ikkje overraskande i eit år der det har vore dramatiske redningsaksjonar for så godt som alle dei lokale offshorereiarlaga.

Ingen har i år vore oftare på førstesida enn Per Sævik og reiarkollegaene hans frå Herøy.

På dei neste plassane følgjer:

  1. Ålesundsnyheiter: 12 %.

  2. Oppvekst/skule: 8 %.

  3. Helse: 7 %.

  4. Kultur: 6 %.

  5. Fotball: 5 %.

  6. Reise-/friluftsliv: 4 %.

  7. Innvandring: 4 %.

Toppen på lista samsvarer ganske godt med målsettinga til redaksjonen om å vere gode på næringsliv og Ålesund – det er i byen vi er lokalavis.

Det er også flott å registrere at stoff om helse og skule/oppvekst kjem høgt opp.

Meir overraskande er det nok at vi har fleire førstesideoppslag om kultur enn fotball. Rett nok har vi også tre prosent førstesideoppslag som handlar om andre idrettar.

Mest gledeleg: At vi klarer å løfte fram den viktige innvandringsdebatten også i eit lokalt forankra mediehus. Utfordringa for det komande året blir å folkeleggjere temaet, kome endå nærmare asylsøkjarane og flyktningane for på det viset redusere avstandar – både mentale og fysiske – til dei etablerte lokalsamfunna.

Manglane

I den andre enden av lista er det overraskande at vi ikkje har meir enn to prosent oppslag om samferdsel, nesten alle har omhandla Nordøyvegen. Her er vi neppe i samsvar med interessefeltet til lesarane våre.

Heller ikkje kommunesamanslåing har vi skrive nok om (to prosent).

Politi og krim har også berre tre prosent førstesidesaker. Det har mest å gjere med at vi i år for første gang på lenge har gått gjennom eit heilt år utan drapssaker og påfølgjande rettssaker i nordvest.

Miljøsaker? Nesten ingen på førstesida.

Og flaut er det å melde at vi det siste året berre har hatt eitt einaste førstesideoppslag om livssyn, kyrkje og religion.

Her har vi svikta – og det begynner vi å bøte på straks og med det same, i sjølvaste julaftanavisa.

God jul!