VR og 360-video i journalistikken:

«Viktigast er tillit og etikk»

Journalistikk For eit år sidan inngjekk Sunnmørsposten, Høgskulen i Volda og Teknisk Ukeblad samarbeid for å utforske korleis VR kan brukast i journalistikk. Det er blir blitt laga fleire reportasjar, som du kan sjå på smp.no i dag.   Foto: Nils Harald Ånstad

Kommentar

VR-teknologi byr på fantastiske moglegheiter, men har også sine skyggesider. VR (virutal reality/kunstig røynd) er på full fart inn i ulike bransjar, og det blir hausta verdifulle erfaringar. Utstyrt med VR-briller kan den demente reise tilbake til barndommens gater, helsepersonell og lærarar kan øve seg på å takle vanskelege situasjonar, og opplæring med VR er blitt ein viktig del av utdanninga innan maritim sektor.

Kva med journalistisk bruk av VR? I fjor på denne tida skreiv eg at Sunnmørsposten, Høgskulen i Volda og Teknisk Ukeblad skulle i gang med å utforske korleis VR kan brukast for å styrke det redaksjonelle innhaldet. Sidan dette er nybrottsarbeid, har vi fått støtte frå Norges Forskningsråd. I løpet av dette året har vi laga ulike reportasjar med 360 graders kamera, og gjort erfaringar som kan vere nyttige for andre. VR-teknologien kan gir brukaren rikare opplevingar av innhaldet. Vi har til dømes laga reportasje der lesaren får oppleve korleis det er å stå på scena når barna øver på Putti Plutti Pott, eller nyte utsikta frå toppen av Slinningsbålet. Ved hjelp av datagrafikk har vi saman med mediestudentar i Volda prøvd å gjenskape vikingtida på Sunnmøre.

Immersive (oppslukande) journalistikk er uttrykket som blir brukt om både 360 graders videoreportasjar og datagrafikk som kan gi brukaren ei oppleving av å vere til stades i ei tilsynelatande verkeleg hending.

Det verdskjende Syriaprosjektet frå 2014, leia av Nonny de la Peña, tok med folk til gatene i Syria, og let dei oppleve grufulle hendingar gjennom innhenta autentisk lyd og ei simulert, gjenskapt verkelegheit. Reportasjen vart vist på den nordiske datajournalistikonferansen i Ålesund i 2015, og mange reagerte med gråt fordi inntrykka var så sterke. Ein ting er å lese om alvorlege hendingar, noko anna er det å vere til stades (tilsynelatande) i situasjonen sjølv.

Fører bruken av immersive journalistikk til meir empati, eller større avstand? Det var spørsmål vi gjerne ville ha svar på, og Ana Sanchez Laws og Tormod Utne ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har undersøkt kva verknad VR-reportasjar kan ha på brukarane. Empati handlar om evna til å forstå og kjenne korleis andre menneske ser verda, frå deira perspektiv. Det er for tidleg å trekke klare konklusjonar, men her er fleire interessante funn som det må jobbast vidare med. I sin gode kronikk utdjupar Utne dette temaet.

Tillit og truverd er grunnlaget for all god journalistikk, uansett om innhaldet blir presentert på papir, mobil eller via VR-briller. Etikken omfattar alle fortellarmåtar og visualiseringar. VR kan brukast til å skape ny innsikt, nye opplevingar og auke forståinga for utsette grupper. Men teknologien kan også brukast til å manipulere folks kjensler og oppfatning av røyndomen. Det er viktig å vere klar over skyggesidene, slik at vi kan hindre misbruk, og sørge for å utvikle godt innhald.

Her finn du alle våre VR/360 graders reportasjar på smp.no.