Den naturlege eininga i Europa er historisk sett ikkje nasjonalstaten slik vi kjenner han i dag. Snarare er verdsdelen vår bystatane og regionane sin verdsdel. Bygd saman gjennom overnasjonale bindingar og føderasjonar som dagens EU, kan regionane igjen «frigjerast» utan at dei går til krig mot kvarandre, som i tidlegare tider.

Myta under EU-debattane om at det var langt til Oslo, men enda lenger til Bryssel, var eit viktig argument hjå neisida i dei tre debattane, særleg i 1972 og 1994. Sanninga er at staten har alt for stor makt i dag. Det er desidert lengst til Oslo.

Det heilage liberaldemokratiske prinsippet om best mogeleg maktfordeling, er særs viktig, og maktfordelinga er slik vi er organisert i dag, skeiv. Kommunane slit i stor grad med dårleg økonomi og til dels låg profesjonalisme i administrasjonane, medan fylkeskommunane er marginaliserte og har stadig mindre område å stelle med. Ikkje er det knytt særleg identitet til eininga heller, iallfall ikkje i Møre og Romsdal. I EU er vi satt heilt på sidelina, utan innverkingsmogelegheit på heilt sentrale område for oss.

Vinnaren er staten. Oslo. Regjeringsapparat og embetsverk. Nasjonalstaten Norge er sentralisert så det held, og treng å utfordrast både nedanfrå og ovanfrå for å få god spreiing av makt.

Kan «Fristaten Vestlandet» bli Norges svar på «Freistat Bayern» spurde Eid-ordførar Alfred Bjørlo på Facebook denne veka, på studietur i Tyskland med andre partikameratar. For Nordvestlandet sin del, er det ein sprek, men spennande tanke. Vi er tyngja med medlemskap i «Midt-Norge», sjølv om vi kulturelt, næringsmessig og geografisk er mykje meir knytta mot resten av Vestlandet.

Sjølv om Bergen peikar seg ut som hovudstaden i eit delsuverent «Vestlandet», på grunn av kjøtvekta og den geografiske plasseringa, vil ein slik region med auka ansvarsområde vere mykje meir naturleg enn både fylket Møre og Romsdal, og bindingane til det såkalla «Midt-Norge».

Om det er langt til Oslo, så er det jammen eit stykke til Nordmøre og, for ein sunnmøring. Kommunesamanslåingar kjem vi sannerleg neppe utanom, men uansett kor små eller store dei nye einingane måtte bli, så treng dei både sterke og uavhengige fylkesmenn som sørgjer for at borgarane ikkje opplever urett i dei små einingane. Dei fleste av oss har vel sett undermåls sakshandsaming i ein og annan kommunal etat.

At Vestlandet frå Ålesund i nord til Sandnes i sør får større autonomitet i eit nytt «regionane sitt Norge», er spennande tankestoff. Med ein felles, sterk og eksportretta maritim industri og fiske-basert eksportnæring, finst eit økonomisk grunnlag som allereie peikar mot ei slik organisering. Spørsmålet er om vestlendingane klarar å samle seg identitetsmessig. Ei av ufordringane vil ganske sikkert vere knivinga mellom Bergen og Stavanger om førarrolla. Dei ser nok begge på seg sjølv som klart sentrum i fristaten.

Og kor perifere blir då Ålesund, søre Sunnmøre, Nordfjord og byane i Sogn og Fjordane? Blir dei ein ny periferi i regionen eller ligg det mogelegheiter i nordvest i eit slikt rom? Ja, truleg er kystkulturen tent med ei regional vestlandssamling. Blikket vårt er allereie feste ut og opp, og ikkje meir mot oslogryta enn naudsynt.