Det skjer store omveltingar i mediebransjen, og mange gir uttrykk for uro. Denne uroa er bakgrunnen for at Fritt Ord nyleg gav ut rapporten «Journalistikk og demokrati. Hvor går media? Hva kan gjøres?» Det er ein rapport som fortener merksemd. Ikkje fordi den har alle løysingane, men fordi den utfordrar til debatt.

Temaet er høgaktuelt. Torsdag kom meldinga om at lokalavisa for Giske, Øyblikk, vurderer å legge ned fordi inntektene minkar. Nordvestlandet har ein rik flora av lokalaviser som det er verdt å ta vare på. Kombinasjonen av fleire fådagarsaviser og ei regional dagsavis har gjort landsdelen til ein sterk avisregion med aktive borgarar.

Den digitale annonsemarknaden veks raskt, men pengestraumane tek nye vegar. Medan norske papiraviser har fått redusert sine inntekter, er det rekna med at Google Norge vil omsette for rundt 1,3 milliardar kroner i 2013. Amerikanske nettkjemper tek ein stadig større del av medieinntektene. Så kva gjer vi med det? Og kva har journalistikk med demokrati å gjere?

Truverdig

Rapporten frå Fritt Ord, som er skrive av Sven Egil Omdal, Anders Bjartnes, Paul Bjerke og Ragnhild K. Olsen, får klart fram at journalistikk er ein sentral del av den demokratiske infrastrukturen. For at demokratiet skal fungere må folk få god informasjon, og samtidig få høve til å gi uttrykk for sine meiningar. God journalistikk må vere truverdig, rettferdig og basert på fakta, og dette kostar det pengar å lage. Undersøkingar viser at land med svak presse har høgare grad av korrupsjon enn land med ei sterk og fri presse.

Samfunnsoppdraget handlar både om å overvake og avdekke kritikkverdige forhold, og samtidig få fram i lyset det som er positivt og bra. Avisene er viktige for å sikre ytringsfridom og demokrati, og dette er bakgrunnen for at det ikkje er moms på papiraviser.

Det frie ordet skal ikkje skattleggast. Problemet er berre at momsfritaketer knytt til papir og ikkje til det journalistiske oppdraget. Papiravisa har nullmons, men når papiravisa blir distribuert elektronisk i form av eavis med 100 prosent identisk innhald, utløyser det full moms. Dette momskravet på digitalt innhald har svekka mediebedriftene si mulegheit til å utvikle avisene i takt med at lesarane har endra medievaner.

Tiltak

I rapporten frå Fritt Ord blir momsfritak framheva som eit av dei viktigaste verkemidla for å sikre vilkåra for kvalitetjournalistikken. Og det er det stor semje om. Ingen tvil om at det hastar med å finne ei løysing på dette. Artikkelforfattarane peikar også på andre tiltak som bør vurderast, og kvaliteten på desse forslaga er høgst variabel.

Til dømes forslaget om å auke midlane til NRK, for at dei skal kunne utvikle sin nettjournalistikk.

Dette vil kome i direkte konkurranse med nettsatsinga til lokal- og regionaviser, og kunne svekke dei ytterlegare. Eller forslaget om å opprette eit journalistisk EUkontor med nokså uklart mandat. Både desse og andre forslag står fram som lite gjennomtenkte. Men eg vel å sjå på rapporten som innspel til debatt og idedugnad.

Dårlege idear kan gi grobotn for betre løysingar.

Samarbeid

Rapporten oppmodar til tettare samarbeid mellom mediebedrifter og universitet, høgskular, folkebibliotek og andre institusjonar som har som mål å styrke demokratiet, og dette er positive tonar. I rapporten blir samarbeidet som Sunnmørsposten har etablert med Høgskulen i Volda om videoproduksjon trekt fram som eit døme. Denne ordninga fører til at smp.no i periodar kan vise fleire videoreportasjar frå søre Sunnmøre enn vi elles kunne ha gjort, og dette er ei ordning alle partar har nytte av. Vi er også interessert i samarbeid med Høgskolen i Ålesund på område som gjeld visualisering og simulering.

Vi ønskjer å utvikle journalistikken, både på nett og papir, ved å ta i bruk nye digitaleverktøy til research og presentasjon. Dersom vi til dømes kan finne nye måtar å synleggjere konsekvensar av kommunale vedtak, kan vi sørgje for at lesarane våre lettare får oversikt iviktige lokale saker.

Heider

Denne veka fekk Sunnmørsposten diplom og heiderleg omtale av NONA (Norwegian Online News Association) for artikkelen «Slik er sjøen forurenset etter skipsbygginga».

Ved hjelp av eit interaktivt kart på smp.no kunne lesaren klikke seg inn på dei ulike hamnene, og få detaljert oversikt over miljøgiftene i sjøen utanfor skipsverfta.

Dette er eit konkret døme på korleis digital presentasjon kan gjere viktig informasjon letttilgjengeleg. Artikkelen er resultat av prosjekt datastøtta journalistikk som blir leia av digital redaktør Tormod Utne, og som berre så vidt er starta. Gjennom innovasjonsnettverket Nxt Media har Sunnmørsposten kontakt med andre digitale miljø, både lokalt og nasjonalt.

Utviklingssjef Jan Ove Steffensen deltek i eit større nordisk prosjekt om utvikling av ARteknologi, augmented reality eller auka røynd, der det mellomanna blir prøvd ut nye annonseprodukt. Vi vil gjerne bidra til at Sunnmøre får eit sterkt digitalt utviklingsmiljø, og er oppteken av samarbeid på tvers av organisasjonar.

Dersom momsfloken snart kan løysast, er det ingen grunn til å sjå pessimistisk på framtida. Vi har aldri tidlegare hatt så mange verktøy til å lage god journalistikk, og desse ønskjer vi å utnytte. Papiravis, nett og mobil er kanalar som utfyller kvarandre, og som dekkjer ulike behov. Alle mediebedrifter er inne i krevjande omstillingsprosessar, men viljen til samarbeid er stor. Sjølv konkurrerande bedrifter og konsern deler erfaringar og strategiar med kvarandre, fordi vi har eit felles ønske om å lykkast. Og dersom nokon skulle spørje kvifor dette er så viktig, så gir Fritt Ord-rapporten svaret: Fordi det er ei samfunnsoppgåve å produsere god journalistikk som demokratiet har behov for.God helg.