Klikk på kartet for å sjå det større.
            (Foto: Liv-Jorunn Håker Ottosen/Sunnmørsposten)

Klikk på kartet for å sjå det større.Foto: Liv-Jorunn Håker Ottosen/Sunnmørsposten

Vanskelege vegval

Trasévalet for E39 gjennom Nordfjord er gjort. No bør ein gi full gass og ikkje halde fram med å sable kvarandre ned. Nordfjord er ikkje sikra ein einaste meter ny veg med dette trasévalet.

Ingen stadar langs kysten frå Kristiansand til Trondheim har det vore hardare strid og skarpare frontar enn i Nordfjord. Kampen har vore seig og langvarig, også før vedtaket om bygging av Kvivsvegen i si tid vart gjort.


Les alt om E39-avgjerda

Her kan du lese alt vi har skrive om E39-avgjerda i Nordfjord.

Den raud-grøne regjeringa klarte aldri å samle seg om eit traséval, trass i at dåverande Sp-leiar, Liv Signe Navarsete, pressa hardt på for å få ei avgjerd før stortingsvalet i fjor.

Ho løfta sjølv fanen høgt for midtre line. Ho ville gjerne sole seg gjennom valsommaren med ei løysing, men møtte motstand i regjeringa frå Ap. Sjølv om Sp hadde samferdsleministeren måtte Navarsete gå gjennom valkampen utan dette trumfkortet i heimfylket.

Sterke kjensler

Vegkampen har virvla opp sterke kjensler, og har til tider gitt ein uvanleg tøff tone i det politiske ordskiftet i regionen. Den tonen ser ut til å halde seg. Navarsete kostar i dag på seg å seie at Erna Solberg «gir blaffen i Sogn og Fjordane». Sjølv etter hennar målestokk er det harde ord.

Trasévalet i Nordfjord har heilt klart vore det vanskelegaste langs heile kysten. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen valde då også å gå ein ekstra runde med utgreiing akkurat for Nordfjord, og det var ikkje berre fordi han gjorde store auge over det lokale engasjementet han fekk oppleve då han var på synfaring langs traséen. Årsaka var først og fremst at tunge faglege og saklege argument for midtre line var lagt fram.

Desse utgreiingane ga nytt håp for dei som ville ha midre line på eit tidspunkt då alt såg ut til å helle i retning av det som no er resultatet.

Respekt

Det er to gode alternativ som har stått mot kvarandre, både når det gjeld økonomi, reisetid og utviklingspotensiale. Det bør dei som har stått på kvar si side i vegstriden sjå, og respektere kvarandre for. Samstundes kan ein kjenne seg trygg på at det er gjort grundige utgreiingar _ heilt inn til målpassering.


Les alt om E39-avgjerda

Her kan du lese alt vi har skrive om E39-avgjerda i Nordfjord.

Sjølvsagt er det lov å heise flagg og feire i Hornindal og Stryn i dag, men ein skal vere varsam med å hovere. Der ein sjølv føler ein har sigra er det andre som har tapt. Og der noko er vunne er også noko tapt – for heile regionen.

Forkjemparane for midtre line har mellom anna hatt gode argument på både reisetid og utvikling av bu- og arbeidsmarknadsregionen. Til sist har regjeringa likevel lagt stor vekt på milliard-investeringane som allereie er gjort i Kvivsvegen og ved Hjartåberga i Volda.

Farleg omkamp

No står ein ved eit nytt vegval. Ein kan leggje striden bak seg og forsone seg med at valet av trasé er gjort, eller ein kan halde liv i glørne. Dei som vil kjempe vidare mot regjeringa si avgjerd er i sin fulle rett.

Før ein bles i glohaugen bør ein likevel tenkje seg om. Her kan det fort fatne meir enn nokon i regionen har interesse av. Erna Solberg har så langt skrive ut ein sjekk utan dekning. Om det står pengar på kontoen når sjekken skal trekkjast, er det ingen som veit i dag. Ikkje ein gong Erna sjølv.

Det er lang tid før første salve i tunnelen gjennom Utvikfjellet kan fyrast av. Nye rundar med utgreiing og nye rundar med politiske dragkampar om å få E39-prosjekta inn i NTP og statsbudsjett står for tur.

Innan den tid kan mykje skje. Politiske fleirtal kan vere endra. Er det ein ting som er sikkert, så er det at kostnadsoverslaga vi har i dag sprekk.

Samlinga vi har på Vestlandet om ein ferjefri E39 kan også kome til å krakelere etter kvart som delstrekningar lengre sør i landsdelen er realiserte. Det gir ny slagkraft til dei som meiner slik vegbygging i vest er meiningslaus pengesløsing.

Før ein bles i glohaugen og tar omkampen, må ein vurdere om det tener Nordfjord eller ferjeselskapa best.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

comments powered by Disqus

Før ein bles i glohaugen bør ein likevel tenkje seg om.

Var det riktig å velge indre trase?
Du må velge et alternativ
Leses nå
 
Siste nyheter

Viktig historie

«Bygdeboka må fullførast»

Bystyret i Ålesund skal avgjere om sluttføringa av bygdeboka for Borgund og Giske skal skrinleggast.

Kommentar om idrettstoppenes pengebruk:

«La oss i kveld be en stille bilagsbønn»

Vi trodde kanskje vi hadde sett det verste da Norges idretts-forbund i sommer åpnet for offentlig innsyn i pengebruken til idrettstoppene i forbindelse med Sotsji-OL og fjorårets ungdoms-OL på Lillehammer.

Striden om namnet «Vestlandet»:

«Vestlandet vil vere opptatt til bruk for ei større eining»

I trebindsverket: «Vestlandets historie» skriv professor Knut Helle at det var under Harald Hårfagre på 800-talet at Vest-Norge vart ein region med eige ting- og lovområde under Gulatinget.