Denne veka avduka kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ny politikk for mobilbruk i skulen. Helst ville ho hatt eit totalt forbod, men det hadde ho ikkje tid til.

Då måtte ho nemleg gå vegen om utgreiingar og høyringar, til dømes å lytte til skjermbruksutvalet som regjeringa sjølv har sett ned.

Ho måtte halde seg til utgreiingsinstruksen som skal syte for eit godt grunnlag for statlege regelendringar eller reformer.

Plunder og heft sjølvsagt!

Statsminister Jonas Gahr Støre tok Kari Nessa Nordtun inn i regjeringa som kunnskapsminister i oktober etter Tonje Brenna som gjekk til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Ho hoppa bukk over alt dette ved å tinge «ei tydeleg anbefaling» til skulane om å vere mobilfrie. Utdanningsdirektoratet (Udir) leverer på bestilling, og tilrår «å strengt regulere» elevane sin tilgang til og bruk av private mobiltelefonar og smartklokker.

Det er så nær eit forbod ho kunne kome.

Gode intensjonar

Kari Nessa Nordtun er ikkje ute etter å plage folk. Tvert om. Ho vil ha mindre mobbing og krenking i skulen og betre læring. Ho er heller ikkje åleine.

Sverige har alt innført forbod. Hennar danske kollega, Mattias Tesfaye (S), talte sterkt mot forbod så seint som i desember – med støtte frå fleirtalet av danske lærarar, som meinte at problemet ikkje er stort.

To dagar før Nordtun tok han «ein Nordtun», og kom med ei tolvpunkts tilråding som skal redusere skjermbruk og fjerne mobilen frå pulten.

«Jeg håber, at man finder Astrid Lindgren frem i et klassesæt, og jeg håber, at man i pauserne spiller bordtennis og kysser på pigerne».

I Norge måtte det eit statsrådsskifte til.

Mobilbruk i skulen kan vere forstyrrande i undervisninga. Dei fleste skular har difor reglar som avgrensar bruken i ulik grad – nokre har også forbod. Foto: Berit Roald / NTB

For å få ei tilsvarande innstramming altså, ikkje for å kysse «på pigerne».

Tonje Brenna (Ap) hadde tillit til at den enkelte skuleeigar, rektor og lærarar kunne klare å lage reglar for elevane sin mobilbruk i samarbeid med foreldre og elevar. Slik som Guri Melby (V) før henne.

I tillitsreforma sitt namn, kanskje?

Kuvending

I Debatten torsdag forsvarte Nordtun kuvendinga med ny kunnskap. Altså kunnskap som ikkje var der då Tonje Brenna for eitt år sidan sa at ho ikkje ville ha eit nasjonalt forbod?

Fram til no har nemleg tillit til lokal styring vore den rådande haldninga. Fleirtalet av norske skular har då også ei eller anna regulering av elevane sin mobilbruk.

Det er det gode grunnar til.

Mobilbruk i skulen er ikkje ei problemfri sone. Digital mobbing og vanskar med konsentrasjon om skulearbeidet kan kome ut av uvettig mobilbruk.

Ei undersøking ved ein svensk skule i 2019 viste at elevane i ei klasse kunne ta imot så mange som tre meldingar og push-varsel på telefonen i minuttet.

Og når vi veit at det kan ta rundt 20 minutt å kome inn i konsentrasjons-bobla att etter ein slik distraksjon, skjønar alle at fri flyt av TikTok-videoar og Snapchat-meldingar i timane vil knuse all studiero.

Men slik fri flyt er det altså ikkje i norske klasserom.

Ja, nokre studiar slår fast at mobil i skulen kan virke negativt på læring – og vere arena for mobbing. Doktorgradsavhandlinga til Sara Abrahamsson ved Handelshøyskolen i Bergen har levert ei av dei. Doktorgradsavhandlinga til Anita Grigic Magnusson ved Göteborgs universitet konkluderer motsett.

Rekkja er lang, også av meir omfattande studiar som både sprikar og nyanserer. Ein kan lett bli freista til å plukke kirsebær.

Forskinga er langt frå eintydig. Heller ikkje Unesco er så tydeleg som Nordtun har hinta om både i debatten og Debatten dei siste dagane.

Rapporten «Technology in education: A tool on whose terms?», som vart offentleggjort i fjor sommar, åtvarar om at overdriven IKT-bruk kan påverke læringa negativt. Åtvaringa blir belagt med funn frå PISA-undersøkinga.

Den negative effekten er for det meste knytt til distraksjon frå varsel på telefonen og tid brukt på «ikkje-akademiske» aktivitetar – altså fri flyt.

Unesco åtvarar altså mot overdriven bruk og argumenterer for kontroll, men heiser ikkje forbodsfana.

Digitale dingsar er ikkje magiske, korkje som læringsverktøy eller som voodoo-nåler inn i elevane sin konsentrasjon

Tvert om understreker rapporten behovet for digital kompetanse i brei forstand – fordi digitaliseringa i stort tempo endrar måten vi arbeider og lever på, og grensa mellom den virtuelle og verkelege verda blir stadig meir porøs.

Her har skulen ei viktig rolle. Og då snakkar vi ikkje om å lære elevar å bruke teknologien. Det kan dei.

Men å leve med den.

Dingsane er ikkje magiske

Sjølv er eg så gamal at eg hadde hol til blekkhuset i pulten og pennesplittar som gjekk i spagat i mine handfaste, mislykka forsøk på skjønnskrift.

Handskrifta mi i dag fortel at eg skulle ha øvd meir.

Det var ikkje pennen si skuld. Det betyr ikkje at penn, eller blyant og papir, framleis er viktige reiskap i ein skule som må ha ein brei palett av læringsstrategiar å spele på – analoge og digitale.

På same måten som blekket på pennespissen ikkje var den hemmelege ingrediensen for meg, så er heller ikkje mobilen i seg sjølv rota til alt vondt.

Men korleis vi brukar den.

Vi har framleis for liten faktisk kunnskap om kva unge sin mobilbruk betyr for deira velvære, og korleis skulen kan bidra til å førebyggje dei negative effektane.

Digitale dingsar er ikkje magiske, korkje som læringsverktøy eller som voodoo-nåler inn i elevane sin konsentrasjon, men korleis vi – og skulen, gjer bruk av dei.

Når dette druknar i ein polarisert debatt om skjermtid og smarttelefonar, delvis støtta av anekdotiske «bevis», blir det vanskeleg både for elevar og samfunn å finne vegen til forståing og gode, kritiske val.

Vi kan forby synda, og sløkkje skjermen.

Men det gjer ikkje fanden arbeidslaus.