Sunnmørsposten har avdekka eit konkursnettverk der deltakarane samarbeider forretningsmessig etter eit veldig spesielt mønster. Nettverket har forgreiningar over heile landet.

Over 140 konkursar, hovudsakleg innan serveringsbransjen, er undersøkt. Vi har gått gjennom rapportane frå bustyrarane, og undersøkt over 270 personar som har vore tilknytta konkursane. Mønsteret som er avdekka handlar mellom anna om at personane i nettverket bytter roller i selskapa til kvarandre.

Ein vanleg strategi er å skifte ut styreleiar og dagleg leiar kort tid før konkursen blir opna. På den måten minskar risikoen for konkurskarantene, sjølv om personane går konkurs gjentatte gonger. Dei fleste i nettverket har den same kulturelle bakgrunnen, mange er i familie med kvarandre og fleire av dei har kome til Norge via Sverige.

Utilgjengelege

Eit anna særtrekk, er at dei ansvarlege i selskapet gjer seg utilgjengelege for bustyrar etter konkursen. Sjølv om leiinga har plikt til å samarbeide med bustyraren og opplyse om verksemda, har det i dei fleste tilfella ingen konsekvensar om dei vel å ikkje gjere det. Faktisk er det eit grep som ofte kan løne seg. Dette gjer arbeidet til bustyrarane svært vanskeleg.

I intervju med Sunnmørsposten gir fleire bustyrarar uttrykk for stor frustrasjon over at mange av sakene dei melder til politiet blir henlagt. Dei forstår at dette kan skuldast ressursmangel hos politiet, men meiner at det resulterer i at mange slepp for billeg unna.

Starta tilfeldig

Eit svært omfattande arbeid ligg bak artikkelserien «Konkursnettverket», som vi publiserer første del av i dag, måndag 8. januar. Det heile starta ganske så tilfeldig på ei kveldsvakt i mars i fjor. Journalist Camilla Hjelmeseth leste gjennom eit rettsdokument som fekk henne til å stusse. I dokumentet kom det fram opplysningar som ho meinte måtte undersøkast nærare. Journalisten begynte å grave, stille spørsmål og hente inn rapportar frå ulike konkursar. Ho kom på sporet av ei sak som skulle vise seg å bli svært omfattande. Frå midten av september i fjor har Camilla og kollega Harald Skotheim jobba på fulltid med desse sakene.

La det vere sagt med ein gong. Å gå konkurs er ikkje kriminelt. Vi treng personar som våger å satse økonomisk for å skape arbeidsplassar. Det er alltid ein risiko for å mislykkast, og for mange er konkursen eit smerteleg nederlag. Det skal vi ha respekt for.

Samtidig er vi avhengige av at aktørane i arbeidslivet følger lover og regler. Dersom det blir sett gjennom fingrane med lovbrot, vil det vere skadeleg for alle som driv lovleg næringsverksemd. Det er også med på å bryte ned den tilliten i samfunnet som vi alle er avhengige av.

Har fått høve til å svare

I samband med omtale av konkursar, er det ikkje uvanleg å intervjue styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Det har vi også forsøkt i desse sakene. Sjølv om ein del av konkursane ligg nokre år tilbake i tid, kan dei ansvarlege bidra med viktige opplysningar. Trass gjentatte forsøk, har det ikkje vore mogleg for oss å få nokon i nettverket i tale.

Eit grunnleggande prinsipp i presseetikken, er nettopp kravet om samtidig imøtegåing. Det betyr at alle som blir utsette for sterke skuldingar skal få høve til å imøtegå skuldingane samtidig. I fleire månader har dei to journalistane derfor forsøkt å kome i kontakt med personane som vi meiner det er nødvendig å identifisere. Journalistane har ringt, sendt sms og e-postar, oppsøkt arbeidsplassar og sendt brev rekommandert. Dette for å vere heilt sikre på at personane blir kjende med skuldingane, og får høve til å svare for seg. Dei kan ha forklaringar som kastar lys over sakene på andre måtar enn det som kjem fram i rapportane frå bustyrarane. Det vil vere til deira fordel. Men ingen vil snakke.

Derfor identifiserer vi

Når vi skriv om klanderverdige forhold, må vi alltid vurdere nøye om det er rett å identifisere. Omtale kan vere ei belastning for dei personane det gjeld, og derfor må lista ligge høgt. Vi må balansere personvern opp mot samfunnet sitt behov for informasjon.

Når vi i denne saka meiner det er rett å identifisere sentrale aktørar i nettverket har desse momenta vore avgjerande;

Alvorsgrad: I dei konkursane vi har undersøkt, har det kome inn pengekrav på totalt over 140 millionar kroner. Staten går glipp av skatteinntekter, og bedrifter får ikkje betalt for varene dei har levert. I tillegg kjem utgiftene staten har med å behandle konkursane.

Relevant rolle: Personane vi identifiserer har sentrale roller, som styreleiar, dagleg leiar eller eigar, i selskapa som blir omtalt.

Fare for gjentaking: Risikoen er stor for at konkursnettverket vil halde fram etter same mønster, dersom det blir verande ukjent.

Fare for forveksling: Ved full anonymisering, er det mange uskuldige i restaurantbransjen som kan bli mistenkte.

Punkt 1.4 i Ver Varsam plakaten slår fast at det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekke kritikkverdige forhold. Det er grunnen til at det usynlege nettverket må fram i lyset.