I september startar dei fase II, der dei ønskjer å vidareutvikle det regionale samspelet for på den måten å synleggjere og realisere det potensialet denne regionen har.

Fokuset skal flyttast frå å snakke om byen og omlandet, til å snakke om «Byregionen Ålesund». Det er ein prisverdig ambisjon som dersom ein lykkast, kan gjere at også eit større omland blir med.

Det er blitt ei tydelegare arbeidsdeling mellom byen og omlandet. Tidlegare hadde også Ålesund mykje industri. No ligg det meste av industrien i omlandskommunane, og byen representerer først og fremst tenester, handel, oppleving og utdanning.

Som organisk eining er byen og omlandet blitt meir avhengig av kvarandre enn før. 88 prosent av arbeidsstyrken arbeider innanfor desse kommunane, og det går føre seg ei omfattande pendling i heile regionen. Nærare ein kvardagsregion er vanskeleg å kome, og med 77.000 innbyggarar er det ein region med stor slagkraft.

I kommuneplanen til Ålesund fram til 2020 står det m.a. at «Ålesund skal være Nord-Vestlandets mest urbane, handlekraftige og innovative by og bidra til at næringslivet, kulturlivet og FoU-miljøet i regionen står sterkt både lokalt, regionalt, nasjonalt og i globalt perspektiv.

Ålesund er fortsatt for liten til å møte mange av de framtidige utfordringene alene.» Det er det liten tvil om, og derfor er «Byregionen Ålesund» eit viktig prosjekt. Det skal gjennomførast med folk frå alle kommunane, og med Ålesund Kunnskapspark som medspelar. Det er søkt om midlar frå statleg hald til prosjektet som m.a. skal gjennomføre to byregionkonferansar og forme ut strategi og handlingsplan.

I søknaden kjem ein også inn på nokre av minussidene som denne byregionen slit med. Økonomisk har ikkje Robek-kommunen Ålesund så mykje å rutte med, men byens potensial som magnet er mykje større enn den mankoen som finst i kommunekassa. Skal «Byregionen Ålesund» bli ein suksess, må ein også balansere det urbane og bymessige med småbyfordelane og det å kunne bu i bygdemiljø som mange også finn attraktivt.

Byen må ikkje bli høg på pæra. Arbeidsdeling på Sunnmøre er ein fordel. Nokre område driv med rekreasjon, andre med industri eller ein kombinasjon, og atter andre driv med handel og vandel og anna tenesteyting. Partnerskap vil seie det same som å utnytte kvarandre sine sterke sider.

Det blir glatt vedgått i søknaden at regionen har ein svak kollektiv- og transportinfrastruktur. Dette avgrensar den regionale mobiliteten og samanbindinga. Folketalsveksten og auka næringsaktivitet krev snarlege tiltak for å oppgradere transportsystemet. Ålesund treng ny firefelts innfartsveg, og skal Aspøya og Hessa ha ei næringsmessig framtid, så må det også ein Brosundtunnel på plass. Det hastar!

Samla sett vil dette gjere det mogeleg å få til eit vesentleg betre kollektivtilbod, men det er skrivebordsteori å tru at trafikken i byane på våre kantar skal bli dominert av syklande. Det må sjølvsagt leggast til rette også for sykkelbruk, men både klima og behov tilseier at privatbilen vil vere det viktigaste transportmiddelet for i alle fall eit fleirtal av familiane.

Gradvis vil det skje ein overgang til bilar med null eller lite utslepp, slik at klimaomsyn og omsyn til luftkvalitet blir bortimot uvesentleg. Den plassen bilane tar i bysentrum, og med den auken i bilparken ein ventar, er oppgitt å kunne bli øydeleggande for bymiljøet. Parkeringsplassar blir viktig, men der er Ålesund no i ferd med å bli godt rusta gjennom parkering i ein fjellhall, og skulle den bli for liten så har vi meir fjell å ta av.

Også betre samanbindingsvegar mellom byen og omlandet blir viktig, Borgundfjordtunnelen, Hareid fastlandssamband, Hamnsundsambandet, Nordøyvegen og også ei bru over Storfjorden må på plass for å gi ein effektiv og konkurransedyktig region. Også kommunane på Ytre Søre Sunnmøre høyrer med i denne regionen.

Det er ikkje dei maritime næringane som definerer byregionen. Desse næringane har viktige tyngdepunkt i byen, men også utanfor dei fem kommunane. Haram til dømes, vil på nokre område vere like nært knytt til Ulstein som til dei andre kommunane i byregionen. Det er viktig at byregionen er open for samarbeid i eit større område.

Ein analyse av dei maritime næringane som prosjektet har gjennomført, viser at Ålesund er den største kommunen både i regionen og i heile Møre og Romsdal, målt i talet på tilsette i maritim og marin sektor. I 2012 hadde Ålesund 418 slike bedrifter med 3,649 tilsette. Også i talet på tilsette totalt var Ålesund størst. Giske var nummer fem i Møre og Romsdal i talet på bedrifter (132), men litt lenger nede på lista med 427 tilsette. Haram hadde 2.107 tilsette i maritim og marin sektor.

Dei offentlege aktørane som er blitt intervjua er heilt samstemte i at næringsmiljøet i byregionen spelar ei vesentleg rolle for attraktiviteten og omdømet. Vidare er det nok ein kjempefordel at her finst eit sterkt høgskulemiljø som no til og med er ein del av eit universitet. Norsk Maritimt Kompetansesenter, både det eksisterande og det neste byggetrinnet, vil utan tvil bidra til å styrke dette kompetansemiljøet endå meir.

Storkommune. Ordførerne på ytre Nordre Sunnmøre er ikke avvisende til en storkommune som kan ta seg av de store felles oppgavene for Ålesund, Sula, Haram, Giske og Skodje, men de tror ikke den kommer med det første.