Etter angrepa på tvillingtårna på Manhattan og Pentagon i Washington 11. september 2001 då nesten 3.000 menneske vart drepne, har det over heile den vestlege verda vorte innført ei rekke tiltak for å gjere kampen mot terrorisme meir effektiv.

Felles for dei fleste tiltaka er at dei også har ei minusside som på ein eller annan måte kan ramme heilt uskuldige menneske.Etter blodbadet i Paris for ei veke sidan har vi sett mange av dei same tendensane. Det gjeld i første rekke retorikken som nokre av statsleiarane nyttar seg av. Dette er krigsretorikk og Frankrikes president Francos Hollande har då også brukt reine krigshandlingar ved å gjennomføre seriar med bombetokt mot ISIL-kontrollerte område i Syria.

Likviderte bin Laden.

Det same gjorde president George W. Bush mot Al-Qaida sine basar i Afghanistan då han ærklærte «Krig mot terror». Ein krig som i praksis varte heilt fram til den uomtvista terror-leiaren Osama bin Laden vart likvidert av amerikanske spesialstyrkar inne på pakistansk territorium 2. mai 2011.

Flyangrepa på sentrale mål i USA var eit sjokk for heile verda og frykta for Al-Qaida var stor. Norge fylgde lydig med når våre næraste allierte la premissane for korleis kampen mot terror skulle gjennomførast.I 2002 kom dei første lovendringane: Terrorparagrafen som skjerpar straffa for handlingar som er gjort i terror-hensikt, det vart konkret forbode å finansiere terror og å inngå avtale om terrorisme.

Tillèt romavlytting.

Kanskje ikkje så alvorlege inngrep mot fridomen til dei fleste av oss, men tre år seinare vart det lovleg for politiet å drive med romavlytting, noko det hadde vore forbod mot fram til då. Men samtidig vart det også lovleg å bruke telefonavlytting til etterforsking av fleire typar kriminalitet.

Då fekk også PST utvida høve til å bruke skjulte overvakingsmetodar utan å innhente løyve frå retten på førehand. PST treng berre å ha «grunn til å undersøke» om nokon planlegg terrorhandlingar.Tre år seinare kom fleire nye lovreglar. Det vart forbod mot å rekruttere nokon til terror, gje opplæring i terrormetodar og å offentleg oppmode til terrorhandlingar.Seinare har vi fått kvitvaskingsdirektivet, medan datalagringsdirektivet vart stoppa av EU-domstolen og er aldri blitt innført.

Første klare signala.

Frankrike har allereie sett av store ekstraløyvingar til kampen for å utslette ISIL. Akkurat no lever franskmenn i ein unntakstilstand. Det inneber ei rekke utvida fullmakter til styremaktene som no slepp å gå vegen om domstolane før dei trenger seg inn og ransakar bustadar.

Fredag kom dei første signala frå styremaktene om korleis ein tenkjer her til lands. I eit intervju i Aftenposten seier justisminister Anders Anundsen at dei førebur eit forslag som vil gjere det lovleg for politiet i drive såkalla dataavlesing.Frp-statsråden karakteriserer dette som berre ei modernisering av dei heimelane som politiet allereie har, og vil ha tiltaket raskt på plass.Dataavlesing betyr kort og godt at politiet vil kunne hacke datamaskinen slik at dei vil kunne fylgje med alt som vert gjort og skrive på maskinen. Då kan også materiale som blir sendt kryptert bli tilgjengeleg for politiet

– Avlytte tankane.

Direktør Torgeir Waterhouse i bransjeorganisasjonen IKT Norge er svært skeptisk til å legge datamaskinen open på denne måten. – Det er nesten som å avlytte tankane til ein person, seier han.

Etter angrepet mot Charlie Hebdo-redaksjonen i januar fekk Paris-politiet fullmakt til avlyttet telefon og lese e-post-kommunikasjon utan å innhente løyve frå domstolen, men dei greidde ikkje å avverje blodbadet for ei veke sidan.La meg også minne om at analysesjef Jon Fitje Hoffmann i PST er prisverdig klar på at våre frie, opne og demokratiske samfunn er sårbare, men at vi må tole slike angrep som Paris vart utsett for. – Vi kan ikke overvåke oss til trygget. Det vil alltid være risko for at slike voldsaksjoner kan skje. Så vi må ikke ha noen illusjon om at vi kan sikre oss helt og i tillegg være borgere i et fritt samfunn, sa han til NRK allereie to dagar etter at Paris igjen vart ramma.

Nødvendig vonde.

Overvaking er eit nødvendig vonde, men det finst fleire garder av overvaking.

Og heldigvis er då også overvaking berre eitt av verkemidla styremaktene har til disposisjon når kampen mot terror skal førast.Terroristar må nedkjempast med alle dei midlane som rettsstaten rår over, uavhengig av kva ideologi dei forfektar. Dei må aldri få legge premissane for korleis moderne, fleirkulturelle samfunn definerer seg sjølv og framtida si.Utfordringa vert å halde fram den kompromisslause kampen mot terrorisme, men greie å halde balansen slik at ein ikkje set i verk tiltak for tryggleik som grip for mykje inn i fridomen – det kanskje viktigaste prinsippet som vi alltid held høgt.