Sylvi Listhaug toppar stortingslista for Framstegspartiet. Også Partiet De Kristne og Demokratene i Norge har førstekandidatar frå Sunnmøre.

Fleire er det ikkje.

Du skal vere rimeleg bratt i ryggen for å stå deg gjennom kampen for ein topplass på ei stortingsliste i Møre og Romsdal. Nominasjons- prosessane i fleire parti, særleg Framstegspartiet, blei basketak for open scene.

Snaue fem månader før valdatoen 11. september syner meiningsmålingane at berre fem kandidatar frå fylket kan føle seg trygge på fire nye år på Stortinget:

Helge Orten (H) frå Midsund, Sylvi Listhaug (Frp) frå Ørskog, Else-May Botten (Ap) frå Molde, Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta og Jenny Klinge (Sp) frå Surnadal.

Bak desse er det truleg fem kandidatar som må lite på lykka i valkampen for å lande på Mørebenken:

Marianne Synnes (H) frå Ålesund, Jon Georg Dale (Frp) frå Volda, Steinar Reiten (KrF) frå Averøy, Pål Farstad (V) frå Kristiansund og Geir Inge Lien (Sp) frå Vestnes.

Fire sunnmøringar, tre romsdalingar og tre nord- møringar. Plass til alle blir det uansett ikkje. Ein må ut.

Skulle Høgre gjere eit svakt val, risikerer Ålesund by å stå utan representantar på Stortinget for første gong sidan 1993. I denne perioden sit der tre frå Ålesund.

Då fristen gjekk ut 31. mars, hadde 16 parti levert lister i Møre og Romsdal: Dei åtte partia på Stortinget i dag, i tillegg Alliansen, Demokratene i Norge, Kystpartiet, Liberalistene, Nordmørslista, Partiet De Kristne, Pensjonistpartiet og Rødt.

54 prosent av dei 266.000 innbyggjarane i dette fylket er busett i dei 17 kommunane på Sunnmøre. Resten bur på Nordmøre og i Romsdal. Dette burde speglast i listene til stortingsvalet, men slik er det ikkje.

Av dei 117 kandidatane som står på listene til dei åtte partia på Stortinget, er berre 50 frå Sunnmøre. Det utgjer 43 prosent av listekandidatane. 30 prosent av kandidatane kjem frå Nordmøre. 27 prosent frå Romsdal.

Sunnmøre er klart under- representert, og det blir heller ikkje nemneverdig utjamna om ein tek utgangspunkt i berre topp-fem-kandidatane. Sunnmøre har framleis langt færre kandidatar enn folketalet skulle tilseie.

Er sunnmøringane mindre politisk engasjerte og meir opptekne av å tene pengar enn å forvalte skattepengar?

Eller får fogderia i nord i nominasjonen betre betalt enn kva dei fortener? Slik at det i sum endar i ei skeivfordeling?

Eg trur mest på det siste.

Når det er sagt, så kan det vere noko i det med pengane også. Kvifor skulle elles næringslivstunge og folkerike kommunar som Ulstein og Herøy berre ha to kandidatar på listene til dei etablerte partia? Det er heller ikkje spesielt imponerande at Ålesund berre har 12 kandidatar på listene. Like mykje som Kristiansund. Og fire færre enn Molde sine 16.

Får dei politiske talenta blomstre på Sunnmøre? Fredric Holen Bjørdal (27) Ørsta Ap får så godt som sikkert fire nye år, sjølv om han heilt inn i sluttfasen i nominasjonen blei utfordra av ein mange og femtiåring frå Ålesund. Simon Molvær Grimstad (24) Ålesund KrF, 2.-plass på lista, og Marit Nerås Krogsæter (25) Haram Sp, 3.-plass på lista, får nok også smake på livet på Løvebakken – som vararepresentantar. Fleire under 30 år treng epidemiske mannefall i partia sine, for å få tid i nasjonal- forsamlinga.

Gjennomsnittsalderen på ein listekandidat frå Møre og Romsdal er 45 år. Dei eldste er frå KrF (49 år). MDG har dei yngste (41 år).

Kjønnsfordelinga går i kvinneleg favør. 60 av kan- didatane er kvinner. 57 er menn. Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og MDG har kvinnefleirtal på listene. Medan KrF, Sp og Frp har flest menn.

Men bildet snur når vi ser på topp-fem-kandidatane. Då har berre Ap, SV og MDG kvinne-fleirtal. Framstegspartiet skil seg ut med ti menn og fem kvinner på lista, fire menn og ei viss kvinne på toppen.

Som kjem til å stille dei fire mannfolka bak seg heilt i skuggen.