Fleire har meint at komiteen sjølv burde ha forstått at ei opa høyring kunne skade korrupsjonsetterforskinga som no går føre seg i fleire land. Slik kunne komiteen sjølv ha utsett høyringa langt tidlegare, utan noko form for påtrykk.

Det er heilt opplagt at ordninga med opne høyringar i Stortingets kontrollkomite om saker som også har interesse for påtalemakta, kan skape situasjonar der ulike interesserer kolliderer.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch var då også open på at dette var ei lei knipe. Då han fekk beskjed frå det amerikanske justisdepartementet om at høyringa kunne skade etterforskninga av VimpelCom, fann han det naudsynt å varsle kontrollkomiteen. Riksadvokaten meinte også at komiteen i ettertid – med rette, elles kunne kritisert han dersom han ikkje hadde varsla.

Fingerspisskjensle

No løyste dette seg fordi partane brukte sunn fornuft. Det er ei form for fingerspisskjensle det kan bli god bruk for også i framtida.

Berre den parlamentariske lausgjengaren Per Olaf Lundteigen (Sp) ville gjennomføre høyringa som planlagt og avvise den forsiktige invitten frå riksadvokaten. Det ville ha vore uklokt.

Komiteen valde å utsette høyringa i eit halvt år. Dette bidrar til å trygge kvaliteten på etterforskinga. Avgjerda kan til og med resultere i høgare kvalitet på høyringa fordi etterforskinga kan avklare ting som kastar lys også over den delen av saka.

Maktfordeling

Dersom det oppstår konflikt mellom påtalemakta og Stortinget, så finst det ikkje noko kontrollmekanisme som løyser floken. Då er vi langt inne i det heilage maktforedelingsprinspippet som demokratiet og den statsrettslege ordninga er fundamentert på.

Opne høyringar er ein ganske ny ordning i Norge. Vi kjenner det frå andre land, kanskje mest reindyrka frå ein utstrekt bruk av Senat-høyringar i USA.

Her hos oss var det heilt framandt til ei toårig prøveordning i 1995 vart vedteken med knappast mogleg fleirtal. Forsøka var vellukka, og frå 2002 har opne høyringar vorte formaliserte og regulerte gjennom Stortingets forretningsorden.

Særleg for Stortingets kontrollkomite har høyringar vorte ein nyttig arbeidsreiskap, trass i at enkelte på førehand meinte det ville bli meir ei politisk slagmark enn ein politisk verkstad. Den nye forma politisk verksemd er ikkje berre nyttig for politikarane. Det har også gitt publikum viktig innsyn i kva som ovrar seg på Løvebakken. Arbeidet i komiteane har gått føre seg bak stengde dører i komiteeroma. No får vi i det minste eit lite gløtt av informasjonsinnhentinga i dei mest spektakulære sakene.

Kontrolloppgåve

Stortinget har til oppgåve å føre kontroll med at regjeringa utfører arbeidet i tråd med pålegg, lovverk og parlamentariske spelereglar.

Den sentrale problemstillinga i VimpelCom-saka er kva rolle næringsminister Monica Mæland har hatt. Hadde ho vore heilt passiv eller kunne ho gjennom eigarstyring i Telenor ha hindra korrupsjon.

Når kontrollkomiteen gjennomfører høyringar er det nesten synonymt med statsrådsjakt. Påtalemakta i tre land er ikkje opptekne av rollene til statsrådar. Dei rettar søkelyset mot leiinga i VimpelCom for eventuelt å straffeforfylgje direktørane for korrupsjon.Det er under innsamlinga av informasjon at dei to statsmaktene har kome på kollisjonskurs.

Truleg ikkje for siste gong.