Som eg skal vise i denne kronikken dreg ein del damer frå regionen. Dei kjem dessverre ikkje heim etter 10 dagar. Konsekvensen er tap av kompetanse.

I Møre og Romsdal er det i dag nesten 3.500 færre kvinner enn menn, eller litt under 90 kvinner pr. 100 menn, i denne aldersgruppa. Også på landsbasis er det færre kvinner enn menn i denne aldersgruppa, men her er det trass alt 95 kvinner pr. 100 menn.

Kanskje like interessant er det at det i dag er nesten 2.000 færre kvinner i denne aldersgruppa i Møre og Romsdal enn det var for ein generasjon sidan (30 år), medan det på landsbasis er blitt over 60.000 fleire.

Mange meiner at årsaka til den låge kvinnedelen er arbeidsinnvandring. Det er rett at mennene har vore og er i fleirtal blant arbeidsinnvandrarane, men på langt nær i ei slik grad at dette åleine kan forklare kjønnsubalansen.Møre og Romsdal var i denne situasjonen lenge før arbeidsinnvandringa skaut fart for 7-8 år sidan.

Grafikk: Kvinner forsvinner

Arbeidsinnvandringa er ei delforklaring på kvifor delen kvinner er lågare no enn for 10 år sidan, men forklarer altså ikkje kvifor vi ligg lågare enn noko anna fylke i landet.

Attraktivitet

Aldersgruppa 20 til 39 år er interessant av fleire grunnar. Utviklinga i denne aldersgruppa er den som er vanskelegast å framskrive, eller spå utvikliga i. Årsaka er at det er i denne alderen vi i hovudsak flyttar på oss, i alle fall lengre enn innafor eigen kommune.

Derfor seier utviklinga her noko om kor attraktive vi er som samfunn, kor mange vel å flytte frå, og kor mange vel å flytte til fylket. I Møre og Romsdal har regelen vore at litt fleire har flytta frå enn til, når vi held den store arbeidsinnvandringa dei seinare år utanfor.

Denne tendensen har vore, og er, litt sterkare for kvinner enn for menn. Vi snakkar altså ikkje om ei «kvinneflukt», men at kvinner i litt større grad enn menn, flyttar ut, og at dei i litt mindre grad flyttar inn til fylket. Slik har det vore i mange, mange år, og er det framleis.

Færre føder barn

At dei unge dreg ut for å ta høgare utdanning nyttast ofte som forklaring på utflytting, og vi ser ikkje noko problem i det, tvert om. Men dette er nok ikkje heile forklaringa. Det er langt fleire som flyttar frå fylket enn som tek utdanning utafor fylket.

Ei anna årsak til at (særleg) vi som held på med statistikk er opptatt av dei «unge» kvinnene er naturlegvis fødselstal. Talet på fødde går ned her i fylket, ikkje først og fremst fordi barnekulla er mindre, men fordi det er færre kvinner i «fødedyktig» alder.

Kompetanse

Det er brei semje om at vi treng høg kompetanse for å bygge framtidas nærings- og arbeidsliv – ikkje berre høg formell kompetanse. Dei unge kvinnene er i dag i fleirtal på forelesingar og i lesesalar på høgskular og universitet. Dette gjeld etter kvart nesten alle fag og profesjonar, også det som har vore tradisjonelle mannsbastionar, som til dømes ingeniørfaga.

Ser vi på gruppa med lang høgare utdanning i fylket, ser vi utviklinga svært klårt. Menn dominerer i aldersgruppa 60 år og eldre, der delen med slik utdanning er over tre gonger så høg blant menn som blant kvinner. Dette speglar utdanningsbildet på 1970 – 80 talet i Noreg.

I aldersgruppa 25-29 år ser vi derimot at det er 45 prosent fleire kvinner enn menn med lang, høgare utdanning i fylket. Dette speglar dagens utdanningsbilde. I prosent er det ein langt større del kvinner med høgare utdanning enn menn, men den låge delen kvinner i befolkninga gjer at skilnaden i tal ikkje er like stor.

Det same bildet ser vi over heile landet: det er kvinnene som leiar an i utdanningsrevolusjonen.

Framsnakke

Skal vi være med å konkurrere om dei best utdanna har vi ikkje råd å tape kampen om kvinnene. Vi har slett ikkje tapt enno, men stiller vi med ei ulempe? Er ikkje vårt fylke like attraktiv blant kvinner som blant menn?

Flyttestatistikken er summen av fleire tusen enkeltpersonar sine individuelle avgjerder om å flytte til eller frå fylket vårt. Kva element den enkelte legg vekt på når dei vel kvar dei etablerer seg er nok mange og ulike. Arbeidsmarknad og «urbanitet», natur og barnehagedekning er berre nokre av elementa.

Lav utdanningsrad

Samstundes kan det vere verdt å trekke fram at medan kvinnene dominerer innan utdanning, så ligg Møre og Romsdal heilt i botn når det gjeld del av dei sysselsette med lang høgare utdanning.

Berre 5,5 prosent av dei sysselsette i fylket har lang høgare utdanning. Skal vi opp på landgjennomsnittet på litt over 8 prosent treng vi nesten 3 500 fleire med slik utdanning.

Eg trur utviklinga i delen sysselsette med høgare utdanning og delen unge kvinner i fylket vil gå hand i hand. Skal vi vinne kampen om den formelle kompetansen må vi vinne kampen om dei unge kvinnene – det er eit ansvar som kvilar på oss alle.

For meir tal og statistikk om samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, sjå HER